MALENE BLIKKEN HAUKØY
Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.
Sommaren og hausten har vore fantastisk i Sogn, og eg har fått unnagjort mykje god trening. Været har invitert til lange løpeturar med tusenvis av høgdemeter og mil etter mil med joggesko. September bøy på mellom anna ei flott treningssamling på Gaustablikk Høyfjellshotell der spesielt inviterte og interesserte fekk komme.
Eg prøver å setje pris på desse ubeskriveleg vakre haustdagane. Her frå Ytre Sogn, Vadheim.
Men endeleg kom snøen til Sogn, og den er fin og lett! 10 minutt i bil og eg er omringa av djup snø og skivennlege fjellsider. Kortreist snø er den beste, slik er studentlivet i Sogndal. Evig student!
Det er alltid stas med dei fyrste skiturane for sesongen, men dette året var snøen attpåtil av svært god kvalitet. Bilde teke nokre svingar unna Hodlekve skisenter. Foto: Mikkel Frodahl
Ny sesong, nye moglegheiter og ny sponsor. Denne sesongen går eg og Lars Erik for ei fargerik leopard med namn Dynafit. Den nye sponsoravtalen for landslaget er i boks, og vi er heldige som får jobbe med Noregs kanskje dyktigaste butikk på toppturutstyr. VPG og 7blåner har spredt toppturutstyr og skiglede hjå den norske befolkninga dei siste åra, og er ein stor bidragsyter til at topptur har vorte ein folkesport her til lands. Det nye utstyret for sesongen 2015/2016 har innteke klesskapet, skohylla og skiboda, og ein ting er sikkert, vi kjem til å syns i fjellet denne vinteren. Den nye kolleksjonen er inspirert av notidas fargefantasi, samt stilfulle formar og fasonger.
Utstyret er viktig når ein befinn seg høgt til fjells. Vi er ikkje udødelige, og den minste skade kan få store konsekvensar dersom ein ikkje er rusta. Folk som ser meg på treningstur tenkjer kanskje at eg ikkje ville overled lenge i ein snøstorm der oppe på fjellet. Utstyret er lett, sekken liten og kleda tynne, det er vel ikkje mogleg å få med seg nok varme klede og sikkerheitsutstyr i ein så liten sekk? Det er det som er fint med bekledning retta mot randoneè og konkurranse. Ja, klede og utstyr veg lite, men er funksjonelt for bruken vår som vil si varme og sveitte på veg opp, og til tider svært kalde nedkjøringar. Lange dagar ute i fjellet, og skjøre mot naturens uforutsigbare krefter. I sekken har eg ALLTD med tørt skift, dunjakke, våttar, lue og vindtett. I tillegg skredutstyr, og da ikkje konkurranseversjonen som består av ein pyntespade og ei fisefin søkestang. Det er ikkje mengde i sekken som er viktig, det er kvaliteten på innhaldet. Berre det mest solide er godt nok når det kjem til sikkerheit! Eg vil si eg er betre rusta enn dei fleste sikkert vil tru!
Bort bra, men heilt heime aller best! I fjella kring heimbygda mi Høyanger ligg det mykje gode minne planta, og fleire skal det bli.