/ Løping

Vondt, varmt, men vakkert

VM-eventyret sprakk, rakna, knuste- noko i den dur. Ja, eg kom meg aldri heilt til mål..

Sist oppdatert: 31. oktober 2016 kl 11.44
Laget bestod av frå venstre: Tom Erik Halvorsen (Stavanger), Lars Erik Skjevheim (Voss), Malene Blikken Haukøy (Høyanger), Hilde Aders (Tromsø), Eirik Haugsnes (Tromsø), Kathrine Kvernmo (Tromsø) og Thorbjørn Ludviksen (Bergen)
Laget bestod av frå venstre: Tom Erik Halvorsen (Stavanger), Lars Erik Skjevheim (Voss), Malene Blikken Haukøy (Høyanger), Hilde Aders (Tromsø), Eirik Haugsnes (Tromsø), Kathrine Kvernmo (Tromsø) og Thorbjørn Ludviksen (Bergen)

MALENE B. HAUKØY

Skjermbilde 2016-09-14 kl. 09.13.02

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. Selvskreven på det norske rando-landslaget. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet Norgescupen to år på rad, og er for tiden Norges beste kvinnelige terrengultraløper. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Alt låg til rette for eit godt løp, førebuingane var gjennomtenkte og treninga som trengtes var gjort. Men likevel gjekk ikkje det 85km lange fjelløpet i Portugal slik eg hadde håpa. Eg var klar over at løypa i sjølv ikkje passa meg som hand i hanske, men eg hadde bestemt meg for at det skulle vere ein uvesentleg faktor. 
Sjølve starten på løpsdagen var brutal med frukost 0300 og 1 times busstur til start. I tillegg til trøtte tryner var det portugisiske tidssystemet meget fritt, noko som medførte lang ventetid inne på bussen og vidare ankomst ved start 15 minutter før startskotet gjekk. Alt i alt ein hektisk start på dagen. 
Men når vi først skrudde på hodelyktene og lunta av gårde inn i den mørke skogen var alt kav og mas gløymt, og det var fint å komme i gang. Kroppens kjentes grei ut, ikke rå men heller ikkje daff. Planen var rolig start, og eg holdt med punktlig til planen. 
Portugal og Braga var fantastisk flott, frodig, kupert men varmt og noko heilt anna enn heime i Sogn. Men eg hadde håpa på råare stiar og mindre grusveg. Dette skulle jo vere eit terrengløp. For sjølv om vi befant oss langt frå folk og by var terrenget til tider svært lettløpt og så enkelt at terrengsko ikkje nødvendigvis var noko fordel. Verfal ikkje fram til eg braut. 
Det var meint å bli varmt utover dagen, så eg starta tidleg med å drikke. Eg er redd det store inntaket av sportsdrikk var utslagsgivande til slutt. Eg kava på i over 7t, 55km og 3500 høgdemeter, og kort sagt slo magen seg vrang etter kring 10km og forblei vrang. Ingen mat kom inn, men mykje ut. Ved 2. Matstasjon gav eg uttrykk for min frustrasjon og det faktum at eg var heilt tom til støtteapparatet. Eg pressa ned to slurkar med Skjervheims havremjølmiks og prøvde på vidare. Det gjekk 500 meter før eg innsåg at dette ikkje var verken gøy eller mogleg lenger.
Eg skal vere så ærleg å sei at eg i forkant tenkte at 85 km var noko eg meistra. Eg tenkte det ville bli tungt, men at eg uansett dagsform ville komme meg til mål. Denne tanken har no endra seg. Det er ikkje sjølvsagt at kroppen klarer å komme seg gjennom 85km sjølv om han er godt beredt! 85km er lenger enn dei høres ut. 
For når magen takka nei, takka etter kvart beina nei, og når da heile kroppen sa nei takk hang hovudet seg på, og ting såg fryktelig mørkt ut. 
Det er med skuffa sinn eg prøver å legge VM bak meg. Mykje tid og penger har godt med til dette eventyret, og det er surt å feile. Men eg er ikkje den fyrste som bryt ein konkurranse, og helle ikkje den siste. Det er fyrste gong eg bryt eit løp, og eg skjønner no kvifor. Trass slitet eg var gjennom i løpet av min 55 km er det noko som murrer og mangler som aldri heilt vil forsvinne. Den gode følelsen av å ha klart det umulige, (slik det føles undervegs) er ikkje til stade, og eg vil alltid minnast dette nederlaget. 
I det store å heile burde eg ikkje syns så synd på meg sjølv. Idretten er uviktig samanlikna med mykje ant, og dette bør eg tåle! Målet må vere å komme styrka ut av det heile. Lære av det som vart gjort feil, ta det med vidare og ALDRI gjere samme feil igjen. 
Etter løpet ringte eg min faste "støttekontakt", sambuaren for råd og psykisk støtte. Det var lite medlidenheit å få, men heller fornuftige tilbakemeldingar. "Get over it". Nei dette gjekk ikkje som eg hadde håpa, men det gjer det ikkje alltid, kom deg vidare, tenk framover og unn dei andre på laget den gode følelsen av å lukkast! For sjølv om min dag gjekk dårleg, hadde nesten heile resten av laget ein strålande dag! I målområdet følte eg meg som ei stolt mor som såg sine barn krysse mållinja etter mange timar med slit. Dei kom haltandes, rullende, ihjelkokte og tungbeinte over mål, men dei hadde klart det! Lars Erik Skjervheim og Hilde Aders kom begge på 12. plass, og dei norske gutta vart samanlagt 4. beste nasjon. Det må vi vere veldig nøgd med som ein miniputtnasjon! 

Eit strålandes støtteapparat var med oss og gjorde matstasjonene imøtekommande. I tillegg har det vore ein fantastisk kjekk gjeng å farte rundt med. Det å vere på tur med likesinna idrettsutøvarar er motivasjon i seg sjølv. Alle er vi nokk lunde lika sære og alle hat vi eit mål for auge.  I forkant av løpet er alle fokuserte på det som skal skje, bruker overdrevent lang tid på å pakke sekken, diskuterer taktikk og løypa om og om igjen og gjere seg klar som om dette er det viktigaste i verda. Etter målgang deler vi erfaring frå dei ulike motbakkane, ler av kor lite fornuftig vår indre dialog er når det går som tyngst og kjenner på kroppen korleis dei brutale unnabakkane har sett sine djupe spor. Aldri har eg sett så mange haltandes løparar dagen derpå. Folk bit tenna saman når dei møter trappa på hoteller, leiter desperat etter heisen og skjærer grimase når dei skal reise seg frå frukostbordet. Det er ikkje tvil om at eit så langt terrengløp sett sine djupe spor!

image2lav
image2lav

Det er lett å havne i si eiga egoistiske boble i skuffelsene hete. Men alt i alt ein erfaring rikare. No ventar timesvis på buss og fly tilbake til Noreg, med andre ord laaaang reisedag. I framtida ynskjer vi oss privatfly når vi reiser på meisterskap!

«Etter målgang deler vi erfaring frå dei ulike motbakkane, ler av kor lite fornuftig vår indre dialog er når det går som tyngst og kjenner på kroppen korleis dei brutale unnabakkane har sett sine djupe spor.»

Publisert 31. oktober 2016 kl 11.44
Sist oppdatert 31. oktober 2016 kl 11.44

Relaterte artikler

Testet: Hoka Tecton X 3

Hokas kvikke terrensko med karbon

Asics Metafuji 2024
Testet: Asics Metafuji Trail

Fulldemper med karbonsåle

Arcteryx Sylan Pro joggesko for sti og terreng gul
Test av Arc´teryx Sylan

Test av Arc'teryx Sylan

KVELDSMØRKET: Du får fartsfølelse når du løper med lykt.
UTEs løpeskole

Løp med lykt

trandalhatten
Turtips på Sunnmøre

Høyt over Hjørundfjorden

nnormal tomir 2.0
Test av Nnormal Tomir 2.0

Test av NNormal Tomir 2.0

Test av Scott Supertrac Ultra RC
Test av Scott Supertrac Ultra RC

Test av Scott Supertrac Ultra RC

simen holvik badwater 135
Tips fra ultraløper Simen Holvik:

Simen Holvik om hvordan forberede seg til ultraløp

patagonia slope trail runner vest 2024
Test av Patagonia Slope Trail Runner

Lett løpevest fra Patagonia

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen