MALENE HAUKØY
Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste fjelløpere og tilhører randonnee-landslaget. Hun bor og trener i Sogndal.
Siste løp i verdscupen i fjelløp er overstått. Joggesko-sesongen er offisielt over.
Les alt om randonee hos Fri Flyt
Eg rekk knapt legge beina på bordet før eg må svinge dei ned att og leite fram stavar, vekter og motivasjon. Vintersesongen står for tur.
Sommarsesongen er endeleg over, men førebuingane før vinteren burde vore i gang for lengst. Sesongane overlappar så fint, men tillatar lite ferie og festlegheiter. Konkurrentane postar bilete frå rulleskia, medan andre allereie har hatt sine fyrste puddersvingar. Altså er det på tide og omstille seg. Tanken på å trene eller vere ute fristar som aldri før, men aller helst skulle eg testa skia for sesongen. Snøen ligg der oppe på toppane og freistar med alt det gode den har å by på, og får barmarksøktene til å verte traustare enn nokon gong.
Eg må vere såpass ærleg og seie at eg tykkjer det er litt tungt å sjå framover mot vinteren denne hausten. Det vert mange økter i ruskete vær, med joggesko og stavar, ei treningsform som eg no er litt lei av. Det har alt vore ein lang sommar og lite lengre friperiode. Det har heile vegen vore eit mål der framme som stiller krav til trening og fokus. No ventar nok ei sesong som kjem til å stele kanskje vel så mykje tid og sosiale festlegheiter.
Sommaren har vore opp og ned. Mitt store mål, Sognefjorden på langs vart ein suksess som eg aldri vil gløyme, medan verdscupen i fjelløp, «MIGU run Skyrunner World series» har veksla litt. Eg har nokre halvgode unnskyldningar, men stort sett er det ingen andre enn meg sjølv skue stygt på. Tross at eg hamna nokre plassar lenger ned på resultatlista enn eg hadde håpa på sit eg igjen med gode opplevingar. Eg let meg stadig imponere over denne sporten. For ein følelse å meistre naturen, bevege seg lett og fort over lange distansar i fjellet, i ulent terreng og i bratte motbakkar. Det får meg til å føle meg sterk, samt lett.
Eg skulle så gjerne vore med å pryda pallen denne sesongen, men slik vart det ikkje. Me for prøve igjen neste sommar!
Innanfor Skyrunning-serien finn ein ulike kategoriar ut i frå kor langt ein vil springe og kor teknisk terrenget er. Noko av det eg likar aller best er at berre dei råaste og flottaste konkurransane får vere med i denne serien. Problemet med det er berre det at det og trekk dei beste av dei beste løparane, slik at poduimplassan ikkje kjem seglande på sølvfat. Det er det aldri ein bomtur farte 15-20 timar for ei helg til ein ny og spennande destinasjon for å konkurrere når konkurransane er av denne sorten. Eg har ofte følt at eg har vore på eventyr og opplevingsferd med startnummer på brystet. Sjølv om er eg metta på springing no veit eg at eg kjem til stille til start også neste år.
Motivasjonen min i desse dagar er som været på Vestlandet. Tilsynelatande dystert, men i det eg kjem i gong og den fyste joggeskoen er dekt med gjørme går livet lettare. Humøret og motivasjonen ser ofte verre ut enn det er. Det kan vere tungt å sjå langt framover. Kor lenge vert det til eg får teste skia? Kor mange elghufs-økter med stavar må eg ha før eg kan bytte ut vektlodda på beina med skisko og ski?
Denne perioden av året kor eg er eigentleg er lei av å springe, men må legge ned timar før vinteren er tøff. Slik vert det nok dei neste par-tre vekene. Men når eg omsider får kjenner snøen under fellene for fyrste gong er det som å bli født på ny! Brytaren vert skrudd på, og motivasjon, inspirasjon, glede og lykke straumar på. Det er vanskeleg å sjå på snøen frå avstand, kroppen lengtar etter pudder, skaresnø eller vindfokka snø, det samme kan det vere så lenge det er kvitt! Eg veit kor inderleg godt alt vert når snøen kjem og eg for bytta aktivitetsform. Dette er ein utruleg viktig «switch» for min del, og avgjerande for å halde humør, intensitet og motivasjon oppe. Det er desse erfaringane som held meg gåande når regnet bøttar ned, og kvar
ein sti i Sogndal er gjørmete. Den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves.
Nokre veker til så kjem snøen!!
«Eg veit kor inderleg godt alt vert når snøen kjem og eg for bytta aktivitetsform.»