/ Løping

Se hele serien «Sognefjorden på langs» her

Fjelløper og randonee-stjerna Malene Blikken Haukøy brukte seks dager på løpeeventyret Sognefjorden på langs. Se alle episodene.

Sist oppdatert: 24. mars 2020 kl 11.33
Malene Blikken Haukøy
LØPEEVENTYR: Malene Blikken Haukøy i den avsluttende etappen av serien. Foto: Skjermdump
Lesetid: 3 minutter

Sognefjorden på langs var et personlig eventyr for en av Norges beste fjelløpere, Malene Blikken Haukøy. Over seks dager løp hun langs verdens lengste fjord, som som ble dokumentert. utemagasinet.no har samlet alle episodene (som starter på dag to). Her er også Blikken Haukøys egne ord om turen. Les også denne saken hun lagde rett etter at eventyret var gjennomført:

For meg var dette eit veldig personleg prosjekt ettersom er er født og oppvakse langs verdas lengste fjord. Dette er fjella eg byrja å springe i, og dette er naturen som fekk meg til å falle for fjelløping. Kombinasjonen mellom dei høge og ruvande fjella og den fredfulle fjorden i botn er for meg sjølve symbolet på vakkert. Sognefjorden har alt frå alping høgfjell inst ved Skjolden kor ein er omringa av nokre av dei høgste fjella i Noreg, til holmar og skjær ytst kor fjorden møter havet. Kvar dag og kvar time var variert og unik. 

Det var mange høgdepunkt undervegs, men det er klart at følelsane var litt ekstra på høggir siste dagen da eg avslutta med Lihesten, og ein liten klyvetur utpå Gygretanna. Familie og vener som hadde møtt opp på toppen gjorde det vetle ekstra på ein ellers fantastisk dag. Den flottaste naturopplevinga var kanskje starten på dage 3. Frå frukost ved fjorden og historiske Kviknes Hotell, til Raudmelen og Balestrand, eit av mine favoritt fjellområder i Noreg i strålande solskinn. Det var vakkert! Det var også denne dagen eg for alvor fekk kjenne på følelsen av å vere liten og skjør ute i fjellet.

Etter å ha passert første topp for dagen Raudmelen gjekk turen vidare innover i fjellet utan sti. Eit stykke inne på fjellet var målet å møte på ein anleggsveg som skulle føre meg det siste stykke til industribygda Høyanger. Ruta såg grei ut, men som lyn frå klar himmel kom skodda og følelsen av himmelretningar forsvann brått. Dette er fjell eg er godt kjend i! Ruta låg på klokka, og eg kunne ha følgt GPS sporet, men i svært ulendt terreng er dette vanskelig da småheng og mindre stup ikkje kjem med på kartet.Etter timar med knot drog eg opp GPSen, og fekk karra meg ned bratte elvedalar og heng.

Eg fant vegen over fjellet, men brukte mykje tid på å leite etter haldepunkt og trygge vegar i eit knotete og uggent område. Utan hjelp frå GPS kunne dette stykket på turen vorte umulig å gjennomføre. Det var nokre alvorsbetinga timar i skodda, og tanken på å filme slo meg ikkje. Fokuset var heile vegen å komme seg trygt fram. I ettertid ser eg at eg har lært mykje av denne delen på turen, og det er kult  og litt skremmande å kjenne på naturkreftene.

Publisert 24. mars 2020 kl 11.33
Sist oppdatert 24. mars 2020 kl 11.33

Relaterte artikler

Testet: Hoka Tecton X 3

Hokas kvikke terrensko med karbon

Asics Metafuji 2024
Testet: Asics Metafuji Trail

Fulldemper med karbonsåle

Arcteryx Sylan Pro joggesko for sti og terreng gul
Test av Arc´teryx Sylan

Test av Arc'teryx Sylan

KVELDSMØRKET: Du får fartsfølelse når du løper med lykt.
UTEs løpeskole

Løp med lykt

trandalhatten
Turtips på Sunnmøre

Høyt over Hjørundfjorden

nnormal tomir 2.0
Test av Nnormal Tomir 2.0

Test av NNormal Tomir 2.0

Test av Scott Supertrac Ultra RC
Test av Scott Supertrac Ultra RC

Test av Scott Supertrac Ultra RC

simen holvik badwater 135
Tips fra ultraløper Simen Holvik:

Simen Holvik om hvordan forberede seg til ultraløp

patagonia slope trail runner vest 2024
Test av Patagonia Slope Trail Runner

Lett løpevest fra Patagonia

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen