/ Løping

Aksjon mil etter mil

Sommaren er på hell. Det går mot mørkare tider, og skulebenken kallar. Over 2 månadar med delvis ferie er over. Innimellom jobb, kaffekoking og trening har det vorte tid til to lange konkurransar som har gitt meirsmak.

Sist oppdatert: 21. august 2015 kl 10.58

MALENE BLIKKEN HAUKØY

15-19-21_200px

Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Eg hadde to mål denne sommaren som har vore utgangspunkt for treninga mi, Hornindal Rundt og Tromsø Skyrace.

Dette er lange løp med mykje høgdemeter, så mengde var eit sentralt stikkordord. I tillegg til mange timar er fjelløping teknisk krevjande på ein anna måte enn gateløp eller motbakkeløp. Det er ulent underlag, med mykje uforutsigbare moment. Det gjelder å vere tøff i unnabakkane for ikkje å tape for mykje tid.

Det er også ekstra tungt for beina å byrje på  an igjen i motbakkane etter ein tøff unnabakke. Muskulaturen får juling, og kjennes ut som sur bringebærgele når motbakkane tek til på ny. Som med det meste er dette noko som vil verte betre med trening. Gjennom sommaren har eg sørga for ein del lange rolige turar der beina har jobba på automatikk og fått flyt og ro i terrenget. I tillegg har det vorte nokre lange hardøkter på ein lågare intensitet enn ein vanlegvis har på type 4x4 intervalløkter eller liknande. Under desse hardøktene har eg fokusert på å halde stor fart på veg ned for å gjere treninga konkurranserelatert.    

malene haukøy fjelløping sogn
malene haukøy fjelløping sogn

Det var ein imponerande utsikt som omgav oss undervegs i Hornindal Rundt.

Hornindal Rundt var mitt første verkeleg lange løp. Eg var spent på korleis kroppen ville reagere på time etter time med slit. Værgudane viste seg frå si beste side og gav oss ein av sommarens beste dagar, vertfal på vestlandet. Tross varmegradene og solskin var det store mengder snø igjen i fjellet. Ein snørik vinter har sett sine spor, og gjorde det umulig å gjennomføre orginalruta rundt Hornindal. Det enda med at vi løp halve distansen, for så å snu å løpe tilbake igjen same veg.

Fjorårsvinnar Lars Erik Skjervheim og hans sambuar Toini trava rundt i løypa og heia og gav ut mat og drikke. Lars Erik hadde eit «indianertriks» som truleg var gull verdt for meg den dagen, «begynn mykje roligare enn du tenker er lurt».

Terrenget var lett, mykje motbakker sjølvsagt, men gode stiar som gav muligheit for fart. 

11725389_10153778600345166_1248562534_o
11725389_10153778600345166_1248562534_o

Hurrungane gav utgangspunkt for mengde og timar i fjellet i løpet av sommaren.

Ein månad etter Hornindal Rundt tok eg flyet nordover, sette opp teltet på Tromsø camping og gjorde meg klar for nok ein kraftanstrengelse.

Tromsø Skyrace var nesten halve distansen av Hornindal, men desto meir teknisk og tidkrevjande av den grunn. Startstreken var tøffare enn under Hornindal, og eg var usikker på kva eg skulle tørre og forvente meg. Eg sa til meg sjølv at topp 5 på mitt første Skyrace kunne eg vere nøgd med. Det gjekk betre enn forventa, og eg enda på 3. plass, og beste norske.

Løpet gjekk omringa av storslått nordlandsnatur samt smale ryggar og bratte motbakkar med delvis klyving. Dessverre var det lite å sjå anna en dei raude flagga som stod langs i løypa. Skodda låg tett, og delvis duskeregn gjorde underlaget sleipt og utfordrande. Været sette ingen stoppar for den gode stemninga rundt i løypa. I spissen for dette flotte løpet var verdas beste skyrace løparar Emelie Forsberg og hennar sambuar Kilian Jornet Burgada.

Det er mykje å tenkje på i forkant og under lange løp. Korleis skal ein legge opp treninga i forkant,  korleis skal ein porsjonere kreftene undervegs, og sjølvsagt, kva skal ein ete og drikke?

I forkant av lange løp er overskot ekstra viktig. Det er håplaust og stille til start med tung bein.

Eg unner meg 2 dagar fri den siste veka før konkurransen, det hadde sikkert ikkje skada med meir heller,  og 2 gode hardøkter type 4x4 eller liknande med høg intensitet.

Elles pleier eg beina med massasje og lett tøying. Det er viktig å halde sirkulasjonen oppe når ein tek det med ro. Eg unner meg også 1-2 dagar fri etter konkurransen for å gi kroppen moglegheit til å bygge seg igjen etter ein lang dag med nedbryting. 

Mat- og drikkeinntaket er vanskelig under lange løp. Ein ynskjer å få i seg nok næring til å halde intensiteten oppe, men samtidig føle seg lett og fin i kroppen. Dette er individuelt og trening er einaste oppskrift for å finne ut kva kroppen føretrekk. Personlig erfarte eg at for mykje sukker er tøft for magen å fordøye når det er konstant risting i magesekken. Derimot appelsinjuice og tradisjonell nistepakke med brødskive og noko salt pålegg fungerer godt. Når alt kjem til alt er det viktig å lytte best mulig til kroppen. Langdistanseløping er spesielt tøft for beina, og ein uheldig belastningsskade kan lett forekomme dersom ein ikkje høyrer etter. 

malene haukøy hund i sekken
Eg har alltid sagt at det er lite folk å trene med i Sogndal, eg har funnet ei løysing på problemet å skaffa meg ein framtidig treningspartner. Foto: Mikkel Frodahl
Publisert 21. august 2015 kl 10.58
Sist oppdatert 21. august 2015 kl 10.58

Relaterte artikler

Testet: Hoka Tecton X 3

Hokas kvikke terrensko med karbon

Asics Metafuji 2024
Testet: Asics Metafuji Trail

Fulldemper med karbonsåle

Arcteryx Sylan Pro joggesko for sti og terreng gul
Test av Arc´teryx Sylan

Test av Arc'teryx Sylan

KVELDSMØRKET: Du får fartsfølelse når du løper med lykt.
UTEs løpeskole

Løp med lykt

trandalhatten
Turtips på Sunnmøre

Høyt over Hjørundfjorden

nnormal tomir 2.0
Test av Nnormal Tomir 2.0

Test av NNormal Tomir 2.0

Test av Scott Supertrac Ultra RC
Test av Scott Supertrac Ultra RC

Test av Scott Supertrac Ultra RC

simen holvik badwater 135
Tips fra ultraløper Simen Holvik:

Simen Holvik om hvordan forberede seg til ultraløp

patagonia slope trail runner vest 2024
Test av Patagonia Slope Trail Runner

Lett løpevest fra Patagonia

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen