Eg har aldri gleda meg meir til å krysse mållinja, aldri gravd djupare etter krefter samstundes som noko inni meg har vore svært så tilfreds. Dette er mine tankar etter sommarens lange eventyr, Grossglockner Ultra Trail.
GROSSGLOCKNER ULTRA: På vift lags løypa dagen før start. Høg på livet i slike omgivnader!
Grossglockner er Austerrikes høgste fjell og ein den av ein spektakulær nasjonalpark like ved Salzburg.
For 10 års tid sidan vart løypa kring denne nasjonalparken etablert, noko som leda til eit av dei tøffaste ultraløpa i Europa med sine 110 km og 6800 høgdemeter.
Dette skulle bli mitt store mål denne sommaren, og mitt lengste løpe så langt i karrieren. Sjølvstendig men forvirra tok eg turen sørover utan føresette, fekk leigd meg ein bil utan tak og sverga til Google Maps ved kvart eit kryss.
Eg fekk 1,5 dag i dette nye spennande området kalla Kaprun før løpet, og nytta dagen heisbasert oppe i fjellet.
På vinterstid herjar skikøyrarar, men no vart eg ein del av turistjaget samt ein og anna syklist. På vift kring 3000moh let eg meg inspirere og gire opp av naturen, og dei 110 km verka med eit overkommelige, der eg nippa til kald Fanta og is.
Klokka 22.00 gjekk startskotet i Kaprun sentrum. Før dette var sekken med alt av obligatorisk utstyr pakka og sjekka 2-3 gongar, og utstyret satt slik det skulle. Eg følte meg klar, kunne ikkje vente med å setje i gang!
Min største frykt vekene før løpet var varmen. Eg trivs best gjerne med nysnø i lufta og svak mot sterk bris, i fartsretning riktig nok. Start på kvelden, og mange timar i nattemørket passa meg altså perfekt. Ellers viste meldingane hyggelige temperaturar kring 20grader.
Med rikeleg nattelys omringa av 200 andre løparar la me på sprang ut i mørket, mot fjella og ukjend terreng for meg. Eg byrja offansivt, eller det eg tenkte var fornuftig. Tempoet minna om ein halvroleg treningstur med rom for prat, mat og drikke. Mat/drikkestasjoner var raust fordelt utover løpet kva 12-15km, ellers var me også påbudte å bere med oss mat og drikke.
Det viktige, men vanskelege
Eg hadde gitt med sjølv to arbeidsoppgåver før løpet. Dette både for å fokusere på noko spesifikt når eg slit som mest, men óg for å betre prestasjonen undervegs:
Vere flink til å ete og drikke med jamne mellomrom (drikke kvart 15 minutt, mat kvart 30 minutt), ta djupe og skikkelige andedrag særskild i motbakkane.
I ettertid tenkjer eg at eg klarte dette godt periodevis av løpet. Likevel er det vanskeleg å fylle på nok med mat når magen av kvalm, og pusten tung.
Det er framleis forbetringspotensiale på dette punktet, særleg på så lange løp. Pusteteknikken kan også bli betre. Enn så lenge ligg den ikkje naturleg for meg, og vert gløymd med jamne mellomrom. Dette vert eit treningsfokus framover.
Grunnen til at eg tenkjer at pusteteknikk er viktig er for å fullførte transport av CO2 ut frå kroppen i kvart andedrag, motsett å optimalisere opptaket frisk oksygen til kroppen og vidare ut til musklar. Det heile er i grunnen logisk.
Eg har også slitt med magekramper og kvalme dersom er pressar kroppen over mange timar. Etter mykje eigenforsking på temaet har eg opplevd at overdrive inntak av sukker, samt truleg mangel på oksygen til magen er årsaka til dette. Altså er det viktig at også magen får sin dose friske luft slik at nedbryting og frigjøring av energi ifrå næringsstoffa kan fungere som det skal.
Springe i natta
Ute i løypa, kring forvirra kyr og elegante stiar i dei mørkaste nattetimane byrja regnværet tett etterfulgt av lyn og torden.
Alt var slik det var spådd, og personleg var eg sjeleglad for å bli nedkjøla. Likevel med ein liten bismak. Arrangørane hadde før start gjort det klart at ved lyn og torevêr ville løpet bli stoppa av sikkerhetsmessige årsakar. Eg kunne likevel ikkje tillete meg å lure på kor langt eg skulle få springe, i hovudet mitt skulle eg heile vegen springe 110 km!
Humøret snur brått. Som nemnt tidlegare gjekk oppgåva med å få i seg mat periodevis godt og periodevis mindre godt. Etter å ha karra meg over halvegs byrja eg sakte men sikkert å kjenne på svolt og tyngre kropp.
Humøret snur brått. Som nemnt tidlegare gjekk oppgåva med å få i seg mat periodevis godt og periodevis mindre godt. Etter å ha karra meg over halvegs byrja eg sakte men sikkert å kjenne på svolt og tyngre kropp.
Det som freista mest var ein solid pizza med ekstra ost, diverre var ikkje det ein del av utvalet i min sekk. Eg gjekk rett å slett skikkeleg tom etter kvart.
Eg fylde grovt på ved mat- og drikkestasjonane, jubla stort etter å fått meg eit par halvliterar ved 80km, men innsåg likevel at kroppen ville ha meir. Forbrenninga ville inga ende ta.
Når kroppen fyrst er tom får det vidare følgjer for prestasjonen og humøret. Det er som ein mørk sirkel, det eine grev ned det andre. Muskulaturen i beina sa klart ifrå om at dei trengde meir energi, sjølv i nedoverbakkene som eg vanlegvis gler meg, til sleit eg.
Vips, var ikkje stiane vakre og artige lenger. Lufta var tynn, steinene spisse og stort sett i vegen slik at eg sparka borti dei. Folk som heia var irriterande og fjella stygge.
Eg var verkeleg langt nede opp den siste motbakken tross at eg byrja å sjå enda på visa. Berre to mil gjenstod!
På veg ned frå siste topp byrja det på ny å buldre kring meg. Me hadde lenge vore omringa av sol, og faren for lyn og torevêr hadde eg ærleg gløymd. No snudde været fortare enn ei svale på jakt etter mat.
Sjølv følte eg meg trygg godt nede i dalen, men tanken på at arrangørane kom til å gripe inn for dei som kom litt lenger bak slo meg. Eg hadde ikkje krefter til å tenkjer noko særleg på faren knytt til vêrskifte, og fokuserte fullt ut på å setje den eine foten framfor den andre. Vel i mål fekk eg høyre at mange av løparane bak meg vart stoppa. I mine auge eit svært godt val!
Som arrangør bør ein ha ein klar policy på kva ein gjer ved eit slikt tilfelle.
Som utøvar i lange fjelløp har ein sjølv ansvar for å vere fysisk og mentalt beredt, likevel har eg sjølv kjend på det å vere likegyldig til tryggleik når kroppen er sliten.
For å sei det slik, hadde eg vore på toppen av fjellet omringa av lyn og torevêr hadde eg truleg prioritert løpet framfor eiga tryggleik.
Lufta var tynn, steinene spisse og stort sett i vegen slik at eg sparka borti dei. Folk som heia var irriterande og fjella stygge. Eg var verkeleg langt nede opp den siste motbakken tross at eg byrja å sjå enda på visa. Berre to mil gjenstod!
Eg kjempa ein kamp for å halde farta oppe dei siste 3 km inn til mål. Dei flate, vanlegvis lettløpte kilometrane føltes som tidenes motbakke. Hoftene, akilles og tærene skreik etter å få sleppe.
Etter nokre timar med negative tankar, riktignok berre innimellom, eg jobba heile tida med å sjå lyst på livet, kryssa eg mållinja vel tilbake i Kaprun 18 Timar og 19 minutt seinare.
Følelsen kan ikkje beskrivast godt nok. Ei blanding mellom lettelse, vondtar i så godt som heile kroppen, fyld av opplevingar på godt og vondt, men mest av alt full av lukke, sank eg ihop etter målgang. Eg var verkeleg glad for å ha klart det!! Kryssa av ein milepel om å springe eit løp på over 100km!
Eg hadde først og fremst bevist for meg sjølv at eg klarte det, og attpå til sikra eg meg ein 2. plass under årets Grossglockner Ultra Trail.
Tross at det er ei god oppleving å komme i mål kjennes det på ingen måte bra ut for kroppen å presse seg slik. Ein ting er å vere sleten, men med eit slikt løp, så mange høgdemeter i tøft terreng, kjem det ofte vondtar som ikkje føles bra. Kroppen kjennes svært nedbrutt, og sjølv no, 1 veker etter løpet ber kroppen mykje preg av det den har vore gjennom. Eg kjenner at dette tek tid å helbrede frå, og det er tid eg vil gi han. Eg er tydd om at eg no er skjør for skader og overbelastning dersom eg ikkje lyttar og tek restitusjonen på alvor. (Foto 7: Phillip reiter )
Kjem eg til å gjere det igjen? Anar ikkje!! Eg er nok dum nok til å melde meg på eit nytt løp om kort tid. Eg trur nok eg kjem svært så styrka ut av dette, og vil i såfall vere betre rusta enn nokon gong for solide kraftanstrengelsar!
Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på randoeee-landslaget. Hun bor og trener i Sogndal og er fast på UTEs blogglag.
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.