MALENE BLIKKEN HAUKØY
Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet norgescupen tre år på rad, og er blant Norges beste, kvinnelige fjelløpere. Malene bor og trener i Sogndal, og er fast på UTEs blogglag.
Denne sommaren har budd på meir enn egoturar og konkurransar for min del. Eg har fått moglegheit til å dele løpeturar med nysgjerrige sjeler under løpecamp på Turtagrø i juli og på Oppdal i august.
Løping er ein av mange individuelle idrettar der ein tilbring mykje tid i eige selskap, og løping i fjellet er kanskje enda eit hakk meir isolert. Ein pakkar lett sekk og legg ut på tur, ofte aleine og time etter time. Opplevingane og erfaringa er mange. Bilder og skryt vert delt på sosiale mediar etter turen, men når alt kjem til alt er det berre den som sjølv er på turen som sit på dei verkeleg store minna.
LES OGSÅ: Ta vare på piffen
Endeleg var det fleire enn hunden som ville vere med meg på løpetur! Foto: Martin I. Dalen
For å dele opplevingane, eventyra og erfaringar arrangerte eg saman med Turtagrø hotell og Enern på Trollheimen Fjelløpecamp for nye og interesserte. Spenninga var stor frå mi side, og sikkert for deltakarane òg. Korleis er nivået? Vil deltakarane ha den same gleda som meg? Ideane og tankane kring desse to helgesamlingane har vore mange, men den viktigaste jobben var enkel. Lokaliteten. Skal det arrangerast løpecamp, skal det gjerast med stil og i storslåtte omgivnadar. Dette vart enkelt løyst ved å samlast fyrst i foten av Hurrungane på Turtagrø og nokre veker seinare i Trollheimen med overnatting på skjønne Gjevilvasshytta.
Det skal ikkje stå på utsikta! På Lauvnostind i Hurrungane.
Opplegget under dei to samlingane var ganske likt, men eg hadde med meg to ulike partnarar. Lars Erik Skjervheim på Turtagrø og Ola Hovdenak på Oppdal. Begge med tonnevis av erfaring og ulike kvalitetar. Fredagen gjekk med til å bli kjent med nivået, kort innføring i teknikk og utstyr samt planlegging av langtur og kartlesing. Laurdagen vart sett av til langtur 4-5 timer på flott sti og med mål om fine opplevingar og hygge. På kvelden var det teoretisk påfyll kring trening. Søndagen vart den tøffaste dagen for helgi. Me køyrte på med intervallar i motbakke 45sek/15pause når deltakarane var på sitt mest sletne. Det lyste smerte av dei undervegs, men gleda ved å verte ferdig var stor og utsikta på toppen upåklagelig. Det heile var verdt det.
Målet med ei slik samling var for meg å inspirere og dele det eg driv med samt vise kor lett og effektivt det kan vere å springe i fjellet. Det er ein unik følelse å meistre treninig ute i det fri. Ein er liten, skjør og sårbar, men akk så sterk og rast.
LES OGSÅ: Når motbakkene motiverer
Er man som einstøingar flest er det nytt og uvand å ha med seg spreke løpevenner på løpecamp i Trollheimen, men når ein fyrst kjem seg ut og får delt det heile med gjengen er det ei positiv oppleving. Difor vert ikkje dette fyrste og siste løpesamling kor eg tek med meg mine dyktigaste venner og inviterer til fest i fjellet. Det vert mogleg å henge seg på også neste sommar og eg lovar å vise fram det fiaste av det fine fjellet har å by på!