Vinter og vår

Kontrast er når du kjenner varmen kjem att i kroppen, etter at du har hutra på deg neglsprett i ein pause. Kontrast er når sola kjem fram og du plutsleg får sikt! Kontrast er å kjenna lukka siga på når du er halvegs i eit varmt måltid i teltet, etter at svolten har gnege ei stund.

Sist oppdatert: 19. mai 2014 kl 23.02

SIGRID HENJUM

Skjermbilde 2014-02-19 kl. 12.49.47

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Særlig er bjørnebrødet blitt en klassiker. Sigrid kommer fra Leikanger, bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort finne henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden. ­Hun er spent på om dere vil skjønne hva hun skriver, for hun «kjemme ti å skriva på dialekt».

Kontrast er det som driv meg til å villa vera på tur. Det er det som gjer at eg vil flytta grenser og det som gjer at eg ikkje er redd for å ha det litt ubehagleg avogtil. Å frysa gjer at eg set pris på varmen, å vera blaut gjer at eg set pris på å vera turr og å vera sliten gjer at eg set pris på å kvila i soveposen. Og å setta pris på ting skal ein ikkje kimsa av.

Eg har nettopp guida ein tur som er sjølve dronninga av kontrastar. Josten på langs. Skitur frå nydlege Jostedalen til spektakulære Flatbrehytta og Fjærland.

Ved å kjappt nemna seks stikkord vil du forstå kontrasten i denna turen; Bratt, Flatt, Kaldt, Heitt, Vinter og Vår. I tillegg har du utsikt over heile vestlandet, med fjelltoppar i alle retningar- eller heilt kvitt der du knapt ser neste mann på rekka, slik at hjernen går i draumemodus.

For vinteren slepp ikkje tak på Europas største fastlandsbre, Jostedalsbreen, her er det minusgrader midt i mai og snøbygene herjar. Men når me subbar med skisko ned frå Flatbrehytta, først gjennom råten snø og små museøyrer på trea- så kjem våren i mot oss. Og sjeldan har me så godt lagt merke til den nydlege lukta av nyspira gras, blomster og lauvtre.

Kontrastar er årstidene, frå vinter til vår og spesielt om du har to årstider på same dag.

Ja me elskar dette landet. 

Publisert 19. mai 2014 kl 23.02
Sist oppdatert 19. mai 2014 kl 23.02

Relaterte artikler

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen