NORGES MEST POPULÆRE FJELLTUR: Besseggen tiltrekker seg fjellturister kvart år. Også her kan du få snøvær i juni. Foto: Gunhild Aaslie Soldal
Lesetid: 4 minutter
Denne sommaren ser det ut til at vi får heile fjellheimen vår for oss sjølve. Koronaviruset gjer det tryggast å bli i Norge, og mange planlegg ein ferie til fjells.
Dermed kan vi gå mot ein juli månad der «alle» går Besseggen, dinglar med beina utfor Preikestolen, eller tek selfie på Trolltunga – utan brysame turistar som forserer glatte svaberg i flip flops medan dei leitar etter dekning på mobilen.
Trolltunga og andre spektakulære turmål har vore hardt besøkte dei siste åra. Både slitasje, forsøpling og ulykker har følgt med på lasset.
Området mellom Skjeggedal og Trolltunga har hatt tallause redningsaksjonar. Hjelpekorpsa i Odda og Tyssedal har henta slitne, redde og dårleg utstyrte turgåarar ned frå høgfjellet. Enkelte må ha hjelp fordi dei er skadde, men ofte har det handla om manglande kunnskap om vêr, terreng og kva kroppen treng for å greie ein lang fjelltur.
Til og med påkledning, lag for lag, finst det skilt om, både i sentrum og der turen startar, og det meste kan leigast på staden.
Forsking utført av Vestlandsforsking viser at tiltaka har hatt varierande effekt når det gjeld å få ned ulykkestalet.
Berre eitt grep har vist seg å vere effektivt: Å få informasjon og råd ansikt til ansikt frå fjellvakter av kjøt og blod. Slike ordningar er i dag på plass i Trolltunga-området, ved Nigardsbreen i Jostedalen og over Besseggen.
Eigne fjellvakter
Også på parkeringsplassane ved Kjerag og Gaustatoppen møter turgåarane vakter. Dei kan fange opp tynnkledde folk som vil legge i veg i kaldt ver, folk som planlegg å bere med seg spedbarn ut på glatte berg i skiftande vêr, eller grupper som legg i veg seint på dagen utan telt.
Her gjer fjellguidar, destinasjonsselskap og andre ein særs viktig jobb med finansiell støtte frå ordningar som Miljødirektoratets nasjonale turiststiar. Fjellvaktene har redda liv og bidrege til å få ned talet på unødvendige redningsaksjonar.
«Mykje av redningsinnsatsen ved Trolltunga og Preikestolen har rett nok dreidd seg om utlendingar, men det er òg dei som til no har utgjort fleirtalet av turgåarar i dei to områda.»
I siste halvår av 2016 vitja 56.000 turistar Trolltunga, og det var heile 40 redningsaksjonar. I 2017 vart fjellvaktordninga innført, og sjølv om talet på turgåarar auka til 66.000, gjekk talet på redningsaksjonar ned til 14.
Vi finn at den personleg retta informasjonen, og ikkje minst samtalen mellom fjellvakter og fotturistar, blir langt meir målretta enn skriftleg informasjon. Ikkje minst for turgåarane som har størst behov for råd – dei som manglar innsikt og utstyr, har svak fysikk, eller vil gå til feil tid.
Denne gruppa les aller minst på skilt og nettsider. Anten er dei ikkje merksame på åtvaringane, eller dei vel å oversjå dei fordi dei reknar seg som meir fornuftige enn andre turgåarar.
Gi redningstenesta ei pause
Ei vanleg oppfatning er at nordmenn er meir fjellvande enn utlendingar, og at vi i mindre grad enn turistar frå utlandet set i gang redningsaksjonar. Mykje av redningsinnsatsen ved Trolltunga og Preikestolen har rett nok dreidd seg om utlendingar, men det er òg dei som til no har utgjort fleirtalet av turgåarar i dei to områda.
170.000 nordmenn ser for seg å gå Besseggen i år, viser tal frå ei Ipsos-undersøking omtalt av NRK 11. mai. Tala for andre ikoniske turmål er òg høge i undersøkinga.
Også i normalår er fleirtalet av dei som går over Besseggen, norske. Likevel syner undersøkinga vår at Besseggen er blant dei turmåla som har flest redningsaksjonar i forhold til talet på turistar.
I år kan nordmenn motbevise desse forskingsresultata og gje hjelpekorpsa ein velfortent pause.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.