Langedalselva er verdt å bevare

Trange juv, spektakulære fossar og yrande artsmangfald. Verdsarvslandskap er verdi det også.

Sist oppdatert: 15. november 2018 kl 09.16
VERDT Å BEVARE: Langedalselva er etit lite nytta nytta friluftsområde. Men som padleelv er ho rangert ved å ha høg internasjonal klasse, og som jamt vert padla gjennom heile sesongen Foto: Edvard Ertesvåg
VERDT Å BEVARE: Langedalselva er etit lite nytta nytta friluftsområde. Men som padleelv er ho rangert ved å ha høg internasjonal klasse, og som jamt vert padla gjennom heile sesongen Foto: Edvard Ertesvåg
Lesetid: 4 minutter

Utbygging av vasskraft i Norge har dei siste åra eksplodert. 73 vasskraftverk er i dag under konsesjonsbehandling, 1647 kraftverk er bygd, seks av dei ti høgaste fossane i Norge er tørrlagd.

Urørte vassdrag er i ferd med å forsvinne. Vi er eit eksportland av elektrisitet, som følgje av rasering av eigen natur. No er det på tide å bevare det vi har igjen. Vi må fokusere på verdien av urørt natur. Korleis stiller Norge seg som reisedestinasjon om ein fjernar elver og fossar?

Sunnmøre er kjent for vakkert landskap med friske elver, no er dei fleste lagt i rør. Det kjempast for å bevare det siste som er igjen, men interesser for å bygge ut er så store at det er ein vanskeleg jobb. Lokale grunneigarar og investorar lar seg friste av kortsiktig profitt og ser seg blind på verdien av det landskapet ein allereie har.

Langedalselva, som har sitt utløp på Hellesylt i Stranda Kommune, er eit svært godt eksempel. Dette er inngangen til UNESCO Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. I kriteria for vedtaket for danninga av verdsarvområdet står det mellom anna: «eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan tallrike frie elvar renn frå takkete fjell…». Dette viser kva verdi elvene har for området, men som dessverre blir gløymt.

I Langedalselva er det, som i dei fleste elver, allereie bygd eit elvekraftverk. No er søknaden for nok eit kraftverk inne til handsaming ved Olje- og energidepartementet. Om det blir gitt konsesjon vil elva være totalt rasert og verdilaus. Det blir vist stor motstand mot utbygging mellom anna frå Naturvernforbundet, Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Norsk Ornitologisk foreining, Padleforbundet, lokale grunneigarar og friluftslivsungdom. Naturvernforbundet har omtalt elva som det mest verneverdige vassdraget på Sunnmøre og i Nordfjord.

Langedalselva er ei svært spesiell og verneverdig elv. Elva består av trange juv, spektakulære fossar, rolige elvesletter og fine sklier. Det er eit rikt og yrande artsmangfald, det er mellom anna observert den største bestanden av hekkande fossekall. Fossekall er Norges nasjonalfugl og på veg til å bli raudlista. Folk som har opplevd vassdraget seier at det er vanskeleg å forstå kvifor ikkje elva allereie er verna og korleis ein kan godta fleire inngrep.

«Ein kan enkelt ta seg ned i tronge, trolske juv, nyte fossesprøyten og dei fantastiske kreftene elva har. Kombinerer ein dette med djupe jettegryter og klart vatn vert dette ei oppleving med svært kraftige inntrykk. Kva verdi har dette om ein tenker på dei mange hundre tusen turistane som besøker området?»

LANGEDALSELVA: Her frå Styggegjølet.
LANGEDALSELVA: Her frå Styggegjølet.

Elva ligg lett tilgjengeleg frå hovudveg og bebyggelse, noko som har gjort den til eit attraktivt aktivitetsområde. Fiske, bading og elvepadling er dei aktivitetane som har utmerka seg, men opplevelsesverdien i seg sjølv er nok den aller største. Ein kan enkelt ta seg ned i tronge, trolske juv, nyte fossesprøyten og dei fantastiske kreftene elva har. Kombinerer ein dette med djupe jettegryter og klart vatn vert dette ei oppleving med svært kraftige inntrykk. Kva verdi har dette om ein tenker på dei mange hundre tusen turistane som besøker området?

Kraftutbygging er inngrep som ikkje kan rettast opp eller reverserast. Naturen blir skada for all framtid.

Naturbasert reiseliv er ei næring i vekst. Innovasjon Norge ser for seg at talet på reisande til Norge vil mangedoble seg i løpet av få år. Undersøkingar viser at det er tre ord som utmerker seg for turistar som besøker Norge; fjord, urørt og natur. Dette er noko Langedalselva kan by på. Verdien av framtidig turismenæring stiller sterkare enn produksjon av meir elektrisitet. Den samla produksjonen av elektrisitet frå området er svært stor, medan denne type landskap er begynt å bli mangelvare. Derfor må ein unngå å bygge fleire kraftverk.

Kraftutbygging er inngrep som ikkje kan rettast opp eller reverserast. Naturen blir skada for all framtid. Kvifor skal ein no forhaste seg med å bygge ut? Vassdraga har vore urørt i fleire tusen år, å rasere naturen for å byggje kraftverk bør tenkast nøye gjennom og ikkje forhastast. Elvekraft er ein gamal måte å utnytte ressursane på. Det finst nye naturvennlege metodar som for eksempel solceller, bølgjekraft og kjernekraft.

Bevaring av vassdrag som Langedalselva er framtidsretta og riktig tankegang. Dette sikrar framtidige generasjonar sine opplevingar knytt til vassdraget, og bevaring av verdifulle artar. Bærekraftig og naturbasert reiseliv kan bli ei svært viktig og framtidsretta næring. Då er det viktig med områder som ligg til rette for dette. Uavhengig utfall av denne konsesjonssaka må politikarar, lokale grunneigarar og lokale selskap seie nei til at kortsiktig profitt skal øydelegge vår felles naturarv for all framtid.

Nybegynner?

Padling i elv handler i stor grad om å forstå og beherske vannstrømmen. Så lenge elva flyter stille rett framover vil den bare gi deg fart, men så fort den svinger eller faller nedover, vil den endre karakter slik at vannstrømmen ikke alltid vil føre deg dit du ønsker.

Det finnes i dag rundt 120 elvepadleklubber i Norge. Rekrutteringen holder seg stabilt lav.

 Nybegynner? Bli en elvepadler

• Mariann Sæther: – Dette er Norges beste padleelver

• Elvepadlerne strømmer til Hattfjelldal

Norske vassdrag

Kraften fra fallende vann har vært brukt i hundrevis av år. På 1800-tallet kunne vannkraft kunne brukes effektivt til å produsere strøm. Norges klima og toppgrafi gjør at forholdene ligger godt til rette for vannkraft. Ved inngangen til 2015 var Norges vannkraftpotensial på om lag 214 TWh per år. Om lag 62 prosent er utbygd.

Ved inngangen til 2018 var det under bygging 2,2 TWh ny vannkraft og ytterligere 5,8 TWh har fått utbyggingstillatelse som er ikke realisert enda. Videre er det under behandling 5,8 TWh ny vannkraftproduksjon.

Som grunnlag for vannkraftpotensialet legges det til grunn en referanseperiode på 30 år. Referanseperioden for vannkraftpotensialet ble oppdatert fra og med 2012 og er nå basert på perioden 1981-2010. Tidligere ble det lagt til grunn perioden 1970-1999.

Kilde: NVE

Helge Kvam Karbø (23) er naturguide-student ved Høgskulen i Volda, og aktiv innen elvepadling, speedriding, ski og friluftsliv.

Publisert 15. november 2018 kl 09.16
Sist oppdatert 15. november 2018 kl 09.16

Relaterte artikler

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen