Gneistrande snø, gneistrande auge

Dagens turistar vil ha ekte opplevingar ute på fjorden eller i fjellet, på breen eller i kulturlandskapet. Men korleis skapar ein den gode opplevinga? Det handlar om guidar som dyrkar lidenskapen og let han smitte over på gjesten.

Sist oppdatert: 18. november 2014 kl 10.24
GULL VERD: Opplevingar som er tilrettelagde av kyndige guidar er juvelar som dei tradisjonelle reiselivsbedriftene kan smykke seg med, skriv Eivind Brendehaug. Her er frikjøringsproff og turguide Stian Hagen og Turid Kleveland frå Jotunheimen Haute Route sist vinter. Foto: Erlend Sande
GULL VERD: Opplevingar som er tilrettelagde av kyndige guidar er juvelar som dei tradisjonelle reiselivsbedriftene kan smykke seg med, skriv Eivind Brendehaug. Her er frikjøringsproff og turguide Stian Hagen og Turid Kleveland frå Jotunheimen Haute Route sist vinter. Foto: Erlend Sande
Lesetid: 5 minutter

Stadig fleire etablerte reiselivsbedrifter innser at dei må tilby aktivitetar og opplevingar ute i det fri for å tiltrekkje seg gjester. Difor ser vi stadig oftare at overnattingsverksemder og transportselskap promoterer seg ved hjelp av aktivitetar og opplevingar i naturen – opplevingar som gjerne er tilrettelagde av kyndige guidar, og som er juvelar dei tradisjonelle reiselivsbedriftene kan smykke seg med.

Småskala opplevingsbedrifter skapar ein meirverdi som dei tradisjonelle bedriftene nyt godt av, men som ikkje kjem fram i verdiskapingsstatistikken.

Dei tradisjonelle reiselivsbedriftene forstår at dei må tilby gjestene ei totaloppleving der kvaliteten på toppturen, padlinga eller klatringa avgjer om gjesten kjem att. Til det trengst det tre ting:

  1. Spektakulær natur

  2. Erfarne og kreative guidar

  3. Tilrettelegging.

Sogndal har alt dette – og meir til. Dagens Næringsliv rangerte nyleg Sogndalsdalen som den fjerde mest komplette skistaden i landet, og brukte tilnamnet «Pudderdalen» fordi du knapt finn betre snø for frikøyring.

Området har dessutan den beste kompetansen, med høg tettleik av tinderettleiarar. 17 av dei 80 tinderettleiarane her i landet har base i Sogndal og Luster.

Sist men ikkje minst: Firmaet Bratt Moro legg forholda til rette for at tilreisande skal få ei god oppleving. Dei har tatt rolla med å få alle gode krefter til å bidra for å utvikle Sogndal til ein av dei beste plassane for aktivitet ute i det fri.

Det siste synlege resultat av eldsjelene i Bratt Moro sitt arbeid er at dei fått Statens Vegvesen på laget. I haust har vegetaten laga stoppelommer langs Rv 5 i Sogndalsdalen slik at du trygt kan bli plukka opp av pudderekspressen etter skidansen ned gjennom skogen.

AKTIVE FERIAR

• Ein internasjonal studie viser at stadig fleire vil ha aktive feriar. I 2012 svarte 42 prosent av eit representativt utval frå Europa at deira motivasjon for reisa var ein eller anna form for «soft adventure», mens 5 prosent svarte «hard adventure», som klatring, fottur, kitesurfing og grotting. Dette er ein auke frå 2009 på høvesvis 27 og 54 prosent.

• I gjennomsnitt brukar utøvarane frå Europa om lag 5000 kroner per tur. Studien er gjennomført av Georg Washington University i samarbeid med Adventure Travel Trade Association.

• Norge er på sjetteplass av verdas leiande reisemål innan aktive, naturbaserte opplevingar. På topp ligg Sveits.  

Kjelde: NCE Tourism/FjordNorway

Mange er blitt kjende med friluftseldoradoet Sogndal gjennom å delta på den årvisse Fjellsportfestivalen, der leik på ski og i snø står i fokus. I løpet av ei hektisk februarveke koplar Bratt Moro saman overnattingstilboda i bygda med fjellføring utført av lokale selskap som Breogfjell, Norgesguidene og Sogndal Lodge. Folk kan plukke frå eit rikhaldig program av turtilbod, kurs og sosiale aktivitetar. Festivalen er ikkje berre til for dei mest avanserte frikøyrarane, men òg for dei som vil oppleve flat moro på dansegolvet, slik Tor Yttri, ein av initiativtakarane til Bratt Moro, gjerne gjer.

Kunnskap og kjennskap er ein fellesnemnar for tinderettleiarane og Bratt Moro – kunnskap både for å ferdast trygt i fjellet og for å formidle dei gode historiene. Difor er det naturleg for Bratt Moro å vere medarrangør av den tredje internasjonale Adventure-konferansen i Sogndal saman med University of Higlands and Islands i Skottland, NCE Tourism (Norwegian Centre of Expertise), Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. I slutten av november møtast over 200 forskarar, førelesarar, guidar og tilsette i reiselivsorganisasjonar og bedrifter for å diskutere livet ute i det fri. Konferansen sitt hovudtema er forholdet mellom menneske og natur i samband med friluftsaktivitetar. I løpet av to konferansedagar blir ein rekkje tema tekne opp gjennom 80 føredrag frå inn- og utland. Innleggshaldarane skal snakke om klatring inne og ute, toppturar på ski eller til fots, terrengsykling, padling og rafting, men også riding og segling.

Ein gjennomgang av bolkar og innlegg på konferansen syner at tre tema går att: «sakte» opplevingar, læring og risiko.

Det første temaet har røter tilbake til det tradisjonelle friluftslivet, der ein tek seg tid til å stoppe opp og oppleve natur, stader og kulturhistoriske spor etter menneska. Korleis  meining vert skapt og korleis det er å vere menneske i forhold til omgjevnadene vert også omtalt i føredraga, men programmet tek ikkje berre opp djupsindige tema. I eit humoristisk innslag fortel Billy Hunt om den rolla humoren spelar fjellførarane imellom. «It’s not that funny when you think about it», heiter føredraget.

Læring er eit anna tema som går att i fleire føredrag. Føredragshaldarane skal dessutan snakke om kor vidt naturopplevingar og opplevingar i urbane område er grunnleggjande ulike.

Har det noko å seie om ein klatrevegg er bygd av menneske eller skapt av naturen, spør Robert Burton. Fleire foredrag tek for seg fare og risiko, både i eit individuelt perspektiv og i eit bedrifts- og samfunnsperspektiv.

Frykt, positivitet og flyt blir omtalt av rideinstruktøren Laura Alexeichik frå USA, som tek oss med til Oman i føredraget «I came back different: A narrative analysis of change and transformation in the desert wilderness of Oman».

LES OGSÅ: Drømmen om Svalbard

Sjølvsagt skal dei som deltek på ein slik konferanse også kunne ta seg ut i naturen. Før det drygt to dagar lange programmet tek til, kan tilreisande få oppleve naturen i  Sogn saman med fjellførarar, padleguidar og vertskap på gardar som tek imot turistar. Gjestene kan velje mellom å delta på den første toppturen på ski denne sesongen, vandre i gamle klyngjetun eller smake på sider og øl. Enkelte vil kanskje ønskje å delta i «Trangia World Cooking Championship», ein konkurranse i matlaging der deltakarane tevlar om å lage den beste maten ute i det fri med enkle hjelpemiddel.

Guidebedrifter har fleire ting til felles med gardsturismebedrifter. Ei sterk interesse eller ein djup kjærleik ligg ofte til grunn for det tilbydarane held på med.

Forsking gjort av Vestlandsforsking i Sogndal syner at guidebedrifter har fleire ting til felles med  gardsturismebedrifter. Ei sterk interesse eller ein djup kjærleik ligg ofte til grunn for det tilbydarane held på med. Dette gjer at dei skil seg klart frå vanlege bedrifter, der inntening er den sterkaste drivkrafta. Fleksibilitet og fridom til å drive med det som gir aller mest meining, er viktigare. Mange har opplevd daffe møte med guidar som kan leksa si, men som ramsar ho opp utan innleving. Slikt merkar gjesten og kjem ikkje att. Tinderettleiarar, guidar og gardsturismevertar som ønskjer å få det til, gjer lurt i å ta vare på lidenskapen og la han smitte over på gjestene. Det er gneisten i auga dine som gjer opplevinga unik.   

LES OGSÅ: Piknik på 4810 moh. 

Kronikk

Skjermbilde 2014-11-18 kl. 09.45.48

Eivind Brendehaug er reiselivsforskar ved Vestlandsforsking.

24. – 26. november arrangerast International Adventure Conference i Sogndal. Konferansen samlar forskarar, lærarar, guidar og reiselivsaktørar som arbeider med opplevingsturisme. Årets tema er samspelet som oppstår mellom menneske og natur i eventyrlystne utandørsaktivitetar. 

Publisert 18. november 2014 kl 10.24
Sist oppdatert 18. november 2014 kl 10.24

Relaterte artikler

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen