SIGRID HENJUM
Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Særlig er bjørnebrødet blitt en klassiker. Sigrid kommer fra Leikanger, bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort finne henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden. Hun er spent på om dere vil skjønne hva hun skriver, for hun «kjemme ti å skriva på dialekt».
Og det passa friluftslivbygdi Sogndal perfekt! Det er slik me vil ha det, med folk og moro i alle bakkar, stiar og fjordar. Men kvifor høyrer eg då at syltetøyfabrikken får lov til å byggja ei ny høgblokk ved fjorden?? Dette passar ikkje inn med det bilete Sogndal prøver å skapa – friluftslivbygdi.
Når eg guidar folk i kajakk på fjorden, ser me på den vetle sjarmerande bygdi med dei gamle husi og småe nausti, og kvar gong beklagar eg at det som tek størst plass er ei høgblokk med leilegheitar, møbelbutikk, pølsefabrikk og syltetøyfabrikk. Eg er klar over at høgblokk og pølsefabrikk ikkje er det same, og med all respekt for både verdi og historie som desse bygga har, men… På rekke og rad ligg desse store klossane langs fjorden – dei gir ikkje noko godt inntrykk av den fine strandsona som Sogndal er kry over – nemleg Fjørao.
Styrer pengane verkeleg alt? Fordi syltetøyfabrikken er store og sterke så skal dei få lov til å byggja ei høgblokk ved fjorden? Fordi det gir gode pengar? Sogndal har potensiale- og kan bli Noregs svar på Chamonix, meinar nokon. Men då kan ikkje bygdi bli fyllt opp med høgblokker og store fabrikkar langs fjorden. Me må ta vare på sjarmen ved fjorden. Laga gågater, eller einvegskøyrde gater, meir park til slakkline og is-eting, og pass på butikkane som ikkje ligg inne i eit senter. Flotte fjell er det mange plassar som har, det er kombinasjonen med fjord og fjell som er unikt – det må me pleia og ikkje øydelegga.
Tenk langsiktig.