Interessa for jakt er i sterk auke og mange med null relasjon til jakt tek opp denne formen for friluftsliv. Men det er ikkje det å ta livet av noko som lokkar. Denne handlar om reinsjakt, instinkt, tradisjonar og eit storbukk-kort i topplokket.
JAKTA ER I GANG: Reinsdyr på Stakkhomfjellet i Fyresdal. Foto: Gunhild Momrak
Lesetid: 12 minutter
– Eg ser rein!
Stemma til jaktkameraten over jaktradioen skjer gjennom stillheita.
Roen som før bare vart forstyrra av suset i den vesle krokfurua ved sida av meg på knausen der eg sit.
Tankane som var i godt driv vekk frå alt som heiter nåtid vert sugne tilbake som i eit vakuum, og adrenalinet som før var endå lenger vekk enn tankane vaknar til liv og køyrer ein real jump-start på den slitne kroppen. Etter tre dagar utan å ha sett ei klauv har ikkje motivasjonen vore høg i morgontimane.
– Kor er dei??
Eg klarer ikkje skjule iveren i stemma.
– Rett nordaust for deg, knappe 700 meter, rett ved den runde myra. Ein flokk på 15 dyr, og jaggu er det ikkje ein storbukk der!
Utstyret som for få sekund sidan var strødd utover lyngen er raska saman og tredd ned i sekken, den i seg sjølv er slengt på ryggen og rifla bastant hekta på hornet på pakkrammesekken. Magebeltet blir spent i fullt firsprang ned lia.
– Er på veg! Kjem inn frå sør.
Eg har vakse opp på bygda, langt inne i svartaste Telemark. Grisgrendt er å ta i om staden der eg sprang rundt som liten. Det er så vidt det er grendt i det heile. I mine auge ein ypperleg oppvekst.
Mange år etter at eg stod bare gutungen grytidleg på samlingsplassen for jaktlaget og høyrde på gamlekarane diskutere om dagens driv, med både jakke og støvlar eit par størrelser for store, men stolt som ein hane fordi eg hadde fenge ny spikkekniv dagen før, innser eg at spriket mellom naturen og oss blir stadig større.
Vi har aldri hatt så dårleg tid som no, så lite tid til å ta inn over seg kva vi har rundt oss.
I naturen. På fjellet. I bakhagen. Ser vi lenger kva vi er ein del av?
Med større avstand til naturen reduserast forståinga for korleis ting heng saman.
Med base i Oslobygda har det blitt daglegdags å høyre om folk som ikkje skjønnar at kjøtdeigen dei finn i butikken på Torshov faktisk kjem frå eit dyr.
Korleis går det til å ta eit så langt steg vekk frå naturen vi har over alt rundt oss?
Morfar var ein fåmælt kar. Delvis fordi mormor snakka på både inn- og utpust, men og fordi han valgte sine ord med omhu. Han var stille med mindre det var noko nyttig å seie. Ein egenskap ein ser mindre av i dagens samfunn.
Eg var ikkje mykje eldre enn dagen med for store støvlar og ny spikkekniv på elgjakt. Morfar og eg var på tur i fjella innafor garden. Han med jamn og roleg gange, usannsynleg lange steg og god retning, eg som ei fuglebikkje midt i eit rypekull og med ein stegfrekvens altfor nære full sprint. Vesleguten tok sjølvsagt teten, og stod dermed for vegvalet der det ikkje var sti.
Då eg satte kursen ned i ein bratt smådal for så å skulle kravle seg opp att på andre sida kom det frå morfar: «Ein tapar ikkje frivillig vunnen høgde», og satte kursen med den rolege gangen og dei lange stega rundt smådalen istadenfor på tvers. Eg vart ståande att og sjå etter den store vaggande ryggtavla mens visdomsorda sank inn, for så å småjogge etter. Dei få orda melder seg den dag i dag, gode 30 år seinare, kvar gong eg går i ulendt terreng.
Dei sat på mykje kunnskap før. Kunnskap om småvilt og storvilt, gnagarar, maur, hoggorm og fisk. Om flora og fauna, verteikn og versystem. Sjølv-erfart, og vel så viktig, nedarva kunnskap frå tidlegare generasjonar.
–Er dei i ro? Har dei flytta seg?
Pusten er tyngre nå etter halvjogg i ulendt terreng.
– Dei står på samma staden, men simla som held utkikk er litt uroleg.
Helsikke, tenker eg. Stang ut i dag igjen? Kvifor skal reinsdyr vere så rastlause?
– Korleis er vinden hjå deg?
– Fortsatt nord-nordaust, dei skal ikkje få veret av deg om du kjem beint opp myrdraget. Men ikkje drøy det for lenge!
På jakt tek du inn omgivnadene dine og naturen på ein heilt anna måte enn på vanleg vandretur. På gåtur har du eit mål du går mot, og gjerne i prat med ein turkompis eller to. Fokuset ligg gjerne på andre ting enn alt som omkransar deg.
Dialogen gjeng om problem på jobben, kompisens dameproblem, tinder-dates, eller kva som er best av vaffel med brunost og vaffel med jordbærsyltetøy. Stort sett verdensproblem, med andre ord. Du er kanskje i gang med å setje ny pers opp til det populære toppturmålet, og evnar ikkje å sjå anna enn stien to meter framfor deg og har nok med å prøve å kontrollere pusten og halde beina i gang.
Dette påvirkar omgivnadene dine meir enn du trur, og dyreliv som du kanskje hadde sett om du hadde vore stille er over alle haugar innan du kjem dit du hadde sett det.
Det ferske reinsdyrsporet midt i stien flyt forbi som om det aldri eksisterte.
På jakt er tilnærminga ei heilt anna. I det sekundet du er i terrenget tek du inn alle inntrykk, luktar og lydar. Les terreng og spor.
Du saumfer omgivnadene dine kontinuerleg, etter bevegelse eller noko som kan likne på det.
Du tek inn kvar minste detalj, tek deg god tid, ventar og lyttar. Du snur deg gjerne titt og ofte for å få med deg terrenget bak deg. Stod dyra nede i den tronge dalen?
Eg hiv ut ein brannfakkel: Du opplever aldri naturen så komplett og ekte som på jakt.
– Eg ser flokken, gjer meg klar til å gå innpå. Svarar med radioklikk herfrå og inn.
Pulsen dunkar i tinningane etter springmarsjen opp dalen.
Synet av reinsdyra knappe 250 meter framfor meg viskar ut alt som heiter utmattelse, adrenalin og fokus tar over.
– Mottatt, dreg du litt vest skal du ha skjul og bra vind fram til gode 150 meter. Eg held høgda i tilfelle dei stikk. Køyr på!
Ein god jaktkompis og spottar er fantastisk på reinsdyrjakt.
Og det å dirigere kameraten innpå ein flokk kan vere vel så spennande som å gå innpå sjølv.
Nøkkelen til suksess på jakt er å vere stille, vere ein del av naturen.
Gå så sakte som du aldri har gjenge før, unngå kvar kvist som kan lage lyden som røpar ditt nærvær. Opp på toppar, få oversikt, bruke kikkerten. Bruke blikket. Framfor deg, bak deg, alle retningar. Ikkje bare mot toppen langt der framme, dit du har tenkt deg. Du merkar kvar minste lyd og bevegelse, kvar kontur og form i terrenget som kan minne om eit gevir eller omrisset av det du jaktar på.
« Skulle ikkje tru at ein kom lågare enn åling, men det finns mange ivrige sersjantar som nyt å overtyde deg om det motsette.»
Statistikk viser ein stor oppsving av interesse for jakt. Unge og vaksne tek jegerprøva og søker til jakt som hobby. Folk som ikkje har hatt det som ein del av oppveksten, som aldri har tusla etter gamlekara på veg til den vanlege posten under kruskefurua ved den lange myra.
Fleire i min omgangskrets som eg aldri hadde sett for meg skulle bli interessert i jakt, viser med eitt stor interesse og engasjement for denne fritidsinteressa. For det har det blitt. Få i Noreg driv jakt profesjonelt. Ulik dei fleste andre hobbyar er jakt i den forstand at du faktisk tar liv. Kvifor denne auka?
Eg trur at vi menneske er stadig på veg lengre vekk frå naturen. Gapet blir større. Det er stort engasjement rundt naturen og oss. Diskusjonar rasar, med sterke meiningar i begge leirar. Men i takt med lydnivået på diskusjonen virkar det som om innsikt og kunnskap reduserast.
Kven som helst, heilt utan bakgrunnskunnskap kan i dag meine mykje om lite og i tillegg kome tydeleg fram med meininga si. Dette øydelegg og gøymer dei problemstillingane vi faktisk står overfor, og er med på å redusere den generelle kunnskapen om vårt forhold til naturen.
Eit eksempel på dette er at jegarar blir framstilte som nokon som kun bedriv denne aktiviteten for å drepe, for å kunne ta livet av noko.
Det stemmer ikkje. Jegaren er ein av dei som oftast er tett på dei vakre dyra vi lever saman med på denne kloden. Ja, dei tek liv, men dei fleste gjer det med stor respekt for dyret dei jaktar og det er ikkje det å ta liv som motiverer.
Men kvifor denne auka i jaktinteresserte?
Eg trur at det er eit ønske, kanskje ubevisst, om å gå imot det aukane spriket mellom oss og naturen. Dei søker tilbake, dei vil finne att det dei føler manglar.
• Reinskort/fellingstillatelse i området du vil jakte
Dyra har roa seg, og når eg kjem nærmare viser det seg at det er 17 dyr, to ungbukkar har haldt seg litt på avstand sidan dei ikkje er tøffe nok til å utfordre storbukken.
Med knappe 120 meter til den vesle lyngkollen i myra der dyra held seg har den seiste distansen på ca 50 meter blitt tilbakelagt på alle fire, ganske nære det instruktørar i stridsteknikk i Forsvaret ville kalla «lav åling».
Skulle ikkje tru at ein kom lågare enn åling, men det finns mange ivrige sersjantar som nyt å overtyde deg om det motsette. Eg har sikta meg inn på i lita lyngtuve som ser fin ut å legge an med rifla på, samtidig som ein er halvvegs i skjul frå dyra.
Det er ikkje kvart år ein får tildelt storbukk av villreinforvaltninga, men denne gongen ligg storbukk-kortet i topplokket på sekken, og bukken som ligg og slappar av ei god sprint-distanse framfor meg er absolutt godkjent fangst. Eg tel 18 taggar på geviret og i kroppen er han grov. Nesten alle dyra ligg, forutan ei simle som stend heilt stille og held vakt. Slik fungerer det i reinsdyrflokken, det er alltid eit individ som er på vakt, og dette er som regel simler. Sikkert basert på kjente fakta vi kan relatere til i oss sjølve, damene er jo litt meir årvakne enn oss karar.
Japanarane er kjent for å dra det meste hakket lenger enn oss andre, game-shows, smikunst, meditasjon, sysselsetting, høflegheit osv. Lista er lang. Det vi enkle nordmenn kallar ein «tur i skauen» har dei etablert eit eget uttrykk for. «Shinrin-Yoku» eller «skogsbad» er ein form for natur-terapi eller eco-terapi, og blir bruka for å forbedre både fysisk- og psykisk helse.
I beskrivingar av Shinrin-Yoku er det gjentakande omtala som ein effektiv metode for å redusere stress. Eit konsept som knapt kunne vore meir aktuelt enn i dagens samfunn. Kanskje det er ein del av det som lokkar med jakt? Ingen tidtaking, ingen stress, alle sansar skrudd på maks.
Kanskje den enkle karen frå indre Telemark som nyt dei stille jaktturane i urørt fjellheim faktisk har holdt på med Shinrin-Yoku heile livet? Om han hadde reist til Japan for å få ei innføring i konseptet hadde han kanskje klødd seg i hovudet og sagt «er dette alt?»
«Få i Noreg driv jakt profesjonelt. Ulik dei fleste andre hobbyar er jakt i den forstand at du faktisk tar liv. Kvifor denne auka?»
Eg ligg og studerer dyra ei stund bak lyngtuva, reinsdyra som i mi meining er nokon av dei flottaste og mest fascinerande dyra vi har i norsk natur.
Eg tenner ei fyrstikk for å bekrefte vindretning ein seiste gong, idet eg ser bevegelse i augekroken.
Storbukken reiser seg, og etter litt slentring borte i lyngbakken stiller han seg med breisida til.
«Takk skal du ha, sjef» kviskrar eg stille, løftar rifla forsiktig til kinnet og avsikrar.
Uansett korleis ein vrir eller vender, vil det ikkje vere feil å konkludere med at det jakt utan tvil gir deg noko vi i dag har bruk for og nyt godt av.
Sjølvsagt kan du gjere akkurat det same med eit kamera, men med ein gong du tek sjølve jakta, om det er eit bilete eller felt vilt du jagar, ut av korleis du beveger deg og korleis du oppfører deg i fjellet, vil du ikkje lenger ha same fokus og konsentrasjon.
VILLREIN
• I Noreg finn du villrein kun i visse fjellområde sør for Trøndelag. Store delar av reinen i Noreg er tamrein.
• Reinsdyr lever i flokk på opptil fleire tusen dyr og er til forskjell frå anna hjortevilt i Noreg nomadiske, dvs at dei foretar større eller mindre vandringar frå ulike årstidsbeiter.
• Reinsdyrskinn er perfekt til turbruk, spesielt som sitte- eller liggeunderlag. Varmen i reinsdyrskinn kjem av at håra på skinnet er hule, og dermed har høg isoleringsevne.
Kanskje er det dette som lokkar rekruttar til denne forma for friluftsliv?
Idet eg finn bukken i trådkorset blir det med eit liv i leiren. Vaktsimla har fått veret av noko, og storbukken er ikkje sein om å grynte flokken i bevegelse. Med halve flokken bak storbukken kan eg berre gløyme å løyse eit sikkert skot. Kva var det ho fekk veret av? Eg hadde jo bein motvind?
Ein kjapp sving ut på myra, så set flokken av garde nordover.
– Kva skjedde? Skaut du ikkje?
Jaktkameraten er ikkje sein om å gje lyd frå seg over sambandet.
– Helsikke, eg veit ikkje kva ho fekk veret av, men simla varsla vertfall. Du feis ikkje oppe på kollen der vel?
– Det var sikkert du som åla deg for høglytt – igjen, smell det over radioen.
– Men eg har fortsatt observasjon på dyra, la dei roe seg litt før du følgjer på.
– Det er mottatt, ventar 10 minutt her, melder eg tilbake, og prøver å høyre ergeleg og skuffa ut.
I realiteten leikar det eit stort glis i ansiktet mitt der eg legg frå meg rifla på lyngtuva, tek fram termosen med kaffi og lar solstrålene leike over det svette ansiktet.
Eg har akkurat hatt ein av dei finaste naturopplevingane eg kan tenke meg.
Er du interessert i jakt, er vår søsterside jeger.no et godt sted å starte.
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.