Fjellsportfestivalen arrangeres i år fra 25. februar til 1.mars, og billettsalget er alt i gang. Bratt Pass (900 kroner) heter billetten som gir tilgang til full pakke til årets fjellsportfestival.
– Den billetten inkluderer overnatting på campen i Sognahallen, frokost og lunsjpakke, heiskort i 5 døgn, fri transport med løssnøbussene og fri tilgang til foredrag og Europas største og brattaste klatrevegg, forteller Yttri.
Arrangøren har videre sendt ut denne informasjonen;
Med BrattPass kan du handla toppturar og skred- og isklatringskurs med internasjonalt godkjende tindevegleiarar til sterkt reduserte prisar. Toppturane og kursa føregår i bratte fjell (og fossar) i Sogndalsdalen og Jostedalen, med maks seks deltakarar pr tindevegleiar. Nytt i år er eigne droppkurs og eksklusivt frikøyringskurs med tindevegleiar Tor Olav Naalsund.
– På frikøyringskursa til Tor Olav er det kun få plassar att no, fortel topptursjef Vegard Vereide.
Også fotokursa i regi av Fjellsportfestivalen, Fri Flyt, UTE og fotograf Matti Bernitz er i ferd med å verta fullbooka.
Fri Flyt og UTE vil også snurra skifilm kvar kveld på campen. I tillegg vil eit stort lag frå NRK vera på plass for å produsera TV og levera materiale til dagens video.
Her er årets seminarnamn under Fjellsportfestivalen: Magnus Midtbø (klatring), Jørgen Aamot (bratt skikøyring/ekspedisjon), Arne Monrad Jonsen (telemarkhistorikk), Tor Olav Naalsund (bratt skikøyring), Marit Tennø (kvite draumar), Sigurd Felde (klatring/eksepdisjon/Trango), Tormod Granheim (bratt skikøyring/Everest), Jostein Bakke og Kerim H . Nisancioglu (klima/Bjerknessenteret).
I tillegg har Studentveka henta Stein P. Aasheim til Sogndal under Fjellsportfestivalen. Han kan opplevast på Meieriet onsdag 25. februar, i forkant av konserten med The Soundtrack of Our Lives. Konsertar på Meieriet under Fjellsportfestivalen: The Soundtrack of Our Lives (onsdag 25. feb), Tommy Tokyo (torsdag 26. feb.), The Low Frequenzy in Stereo (torsdag 25. feb.), DDR (fredag 27. feb.), Black Debbath (fredag 27. feb.) og Surferosa (laurdag 28. feb.).
Kjøper du BrattPass til årets fjellsportfestival før 1. februar konkurrerer om ein Sirdal-dress frå Bergans (verdi 6.200 kr) og eit 5 dagars skredkurs med Norgesguidene (verdi 3.300 kr).
Sjekk her for påmelding og mer informasjon.