2016

Ein biletkavalkade frå året som var.

Sist oppdatert: 2. januar 2017 kl 20.14

Line Hårklau

Line (28) var praktikant i utemagasinet høsten 2016. Hun studerer til daglig fotojournalistikk ved HIOA. På bloggen vil hun dele små og store opplevelser fra UTE-livet. Les mer på www.lineharklau.com.

2016 er snart historie, og eg ser tilbake på eit år som har vore ekstra rikt på opplevingar. Livet er for kort til å berre bestå av kvardagar som blir gløymd like fort som dei er over. Derfor håpar eg 2017 også vil by på nye opplevingar og minner som kan bli med inn i framtida. Men før 2017 startar for fullt kjem ein liten biletkavalkade frå året som var.

UTE
UTE

Året starta med ein tur til Flugestøylen heime på Jølster. Nokre minutt med dette magiske lyset vog opp for mangelen på snø. Ambisjonane var på dette tidspunktet høge for eit klassisk 365-dagers fotoprosjekt. Det gjekk skeis ein gong i mars.  

Skjermbilde 2017-01-02 kl. 19.38.12
Skjermbilde 2017-01-02 kl. 19.38.12

I løpet av vinteren starta eg å følge Vibeke med kameraet. Eit bekjentskap eg er veldig glad for, og som tok meg til både Finnmark og Nepal. Du kan lese meir om Vibeke her.

UTE_1
UTE_1

I mars hadde det gått nesten eitt år sidan det katastrofale jordskjelvet i Nepal. Framleis er spora og såra tydelege. Men eg hugsar nok best dei gavmilde menneska som gav så mykje til tross for at dei har så lite. 

UTE_2
UTE_2

Ein månad på ski over Grønland må vel trekkast fram som det mest minnerike. I løpet av januar kjem endeleg reportasjen på trykk i UTE, og eg kan fortelje endå meir om det kvite eventyret. 

UTE_3
UTE_3

Og slik kan ein altså sjå ut etter ein månad på ski. Tidenes skilje og årets lågaste feittprosent. 

UTE_4
UTE_4

Sommaren inkluderte nokre fine dagar på UTE-kontoret, deriblant i Steigen, på Nigardsbreen og i fjella rundt Jølstravatnet.

UTE_5
UTE_5

Jammen kjøpte vi oss drone.

UTE_6
UTE_6

Og kven skulle tru at eg og Åse skulle sitje her, i same dam som vi for ørten år sidan vaska håret i, medan vi kosa oss på støylen.

UTE_7
UTE_7

Eik tok seg opp til fleire bad.

UTE_8
UTE_8

Hausten vart brukt i praksis hos UTE kor eg blant anna overnatta åleine under stjernene på Blefjell... 

UTE_9
UTE_9

 ...og fotograferte Knut Nærum og soveposen han har hatt sidan 1973. Les meir om det heile her.

UTE_10
UTE_10

Jula fann stad heime på Jølster. Ein etterlengta ferie skal nytast litt til før siste semester tek til, og eg og resten av klassen reiser til Kina for å gjere vårt avgangsprosjekt.

Takk for i år!

Publisert 2. januar 2017 kl 20.14
Sist oppdatert 2. januar 2017 kl 20.14

Relaterte artikler

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen