OM MØRKET: – I byen er det ikkje noko problem, men utanfor byen, ute i skogen eller høgt til fjells blir det skummelt, synest Sigri Sandberg. Foto: Line Hårklau
Lesetid: 10 minutter
For ein dag! Fuglane syng og humlene suser. Det er grønt, varmt og lyst. Lyst lenge, jøye meg så godt det er.
Etter ein mørk vinter. Men kor mørk var den eigentleg? Og når såg du stjernehimmelen sist, sånn ordentleg?
Forfattar Sigri Sandberg har skrive bøker om polarheltinner, klimautfordringar, Jotunheimen og norske tre, for å nemne noko.
Denne gongen har ho fordjupa seg i mørket, men då ho starta på prosjektet såg ho helst at det var lyst.
«Eg fann ut at eg er mest redd for folk. Galningar som ikkje har hatt det så bra i livet og som fyker rundt. Med øks.»
– Eg var så sjukt redd for mørket. Eg har alltid vore redd, men har stort sett vore saman med andre og vakse opp i ein stor familie. Men når du er åleine og det blir mørkt ... I byen er det ikkje noko problem, men utanfor byen, ute i skogen eller høgt til fjells blir det skummelt.
Sigri reiste like godt til Finse då vinteren var som mørkast. Fem netter i si eiga hytte, heilt åleine.
– Eg måtte prøve å finne ut av kva som er så skummelt med mørke, og det blei eit prosjekt i boka. Eg er ikkje redd for spøkelse, ikkje redd for underjordiske, naturkatastrofar eller ville dyr. Eg fann ut at eg er mest redd for folk. Galningar som ikkje har hatt det så bra i livet og som fyker rundt. Med øks.
Ei natt vaknar Sigri av ein lyd.
– Ein grusom lyd, som sikkert ikkje var det, men inne i mitt hovudet var den heilt gjennomtrengande. Då måtte eg ut i gangen og hente øksa og legge den på puta. Eg måtte jo vere minst like skummel tilbake om det skulle dukke opp nokre skumlisar, seier ho og ler.
Det kom heldigvis ingen med øks den natta, eller resten av opphaldet. Og tenker ein litt rasjonelt på det, er det kanskje ikkje så sannsynleg at gale øksemordarar skal surre seg opp på fjellet nattetid. Det er likevel naturleg å vere redd for mørket.
– Mørkeredsla er ei urfrykt som eg lærte mykje om. Eigentleg er det lurt å vere mørkredd. Den viktigaste sansen vår, synet, blir svekka. Og vi er eit av dei dyra med dårlegast syn i mørket. Men om du er i ein by, så er det jo ikkje mørkt, der er det gatelys overalt. Det var det paradokset som openberra seg jo meir eg undersøkte dette her. Kanskje er mangelen på mørke mykje meir skremmande enn mørke sjølv.
Vi sit på Grefsenkollen og skuar utover hovudstaden som badar i sol. Her har Sigri sete mange gonger før. Det er noko godt med det å kunne sjå langt, synes ho.
– Då eg arbeida med boka sende eg mail til Jon Fosse, han skriv mykje om mørke, og eg spurte om han kunne definere ordet mørke. Det ville han ikkje, men han skreiv nokre veldig fine setningar, blant anna «Du kan aldri sjå så langt som i mørke». Det synes eg alltid har vore utruleg fascinerande, det å stå og kike opp i ein svart nattehimmel, kor langt ein kan sjå og kva ein kan sjå.
– Har vi godt av å kjenne oss litt små og sårbare?
– For meg er det ei slags justering, fy fader, tenk kor ufatteleg det er at vi eigentleg finst på denne her jordkloden og kor utruleg det er at vi kan sjå så mykje og langt og ut, sjølvsagt ikkje berre når det er mørkt, men også her vi sit no. Det var ein klok mann som sa det, at ein kan velje og sjå på alt som magisk eller at ingenting er magisk. Og det er jo ingen tvil om at alt er magisk! Berre det at vi sit her. Kanskje ein må ha litt overskot for å tenke det sånn til kvardags, men det sler meg veldig ofte. For meg er den stjernehimmelen ein avautomatisering frå kvardagsmas.
– Om nokre timar vil natta viske ut åsane langt der borte, og byen vil lyse opp. Men kva med stjernene, vil dei også lyse?
– Det er sånne bleike avtrykk, det er mange stjerner du ikkje ser og dei du ser ser du mykje, mykje svakare. To tredelar av Norges befolkning ser ikkje Mjølkevegen, det er jo fordi så mange bur i byar og lysforureininga går så langt, 15-20 mil ut frå Oslo.
LYST NOK NO. Sigri må heim til dei to sønene som kjem frå trening. Vi susar ned den bratte stien gjennom skogen. Yngstemann Vinjar på snart 10 år er allereie heime, og kveldsmaten kjem på bordet. Deretter er det leggetid. Og når gutane skal sove går dei ut på altanen og legg seg. Det har dei gjort i fleire år, året rundt, sove under dei litt falma stjernene. Gutane trivast der. Sigri passar på at sovemaska med skumle slangeauger kjem på. Den siste tida har det kunstige lyset blitt sterkare.
– Eg var ikkje klar over at det var så ille som det faktisk er. Kor mykje kunstig lys vi faktisk omgjev oss med. Det som er skummelt er det lyset vi utset oss sjølv for på kvelden.
«Eg har blitt meir glad i mørke, eg kjenner at det er mjukare.»
Sigri har snakka med forskarar innan mange ulike fagfelt, alt frå astrofysikk, til legevitskap, via zoologi og psykologi og funne at på same måte som vi treng lys, så treng vi og det meste anna som lev her på jorda mørke for å vere friske og fungere normalt.
– Har ditt eige forhold til mørke endra seg?
– Ja, det kjenner eg i heile kroppen. Eg har blitt meir glad i mørke, eg kjenner at det er mjukare. Og så har eg skjønt at det er viktig, for oss, rytmen, systemet vårt, viktig for alt som lever, dyr og plantar og alt. Menneska har kjempa mot mørket all si tid, det har vore ein fiende, vi har berre pøst på med lys. Det er også den delinga av mørkt og lyst og godt og vondt, lyset er det gode og sanninga og livet, medan det mørke er vondt og djevelsk. Og det trur eg kanskje har hindra oss i å tenke at det kan vere noko godt i mørket.
– Og øksa?
– Den har eg lagt tilbake. Eg klarar å sove utan øks no, hehe.
LYS OG MØRKE I ARKTIS. På veggen i leilegheita på Grefsen heng bilder av fjell og vidder og vinterlandskap. Arktis og polare strøk har vore sentralt i fleire av bøkene til Sigri, og er også med denne gongen. Wanny Woldstad var Svalbards første fangstkvinne. I denne boka får vi nærmare kjennskap til Christiane Ritter, som fekk kjenne ordentleg på mørket då ho overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934, saman med to fangstmenn.
– Ho reiser frå Böhmen, er ei moderne europeisk kvinne på den tida og anar ikkje nokon ting om Arktis, så reiser ho opp dit og skal overvintre og møte polarnatta ilag med dei to fangstmennene. Og det sjokket, og at ho tør det og gjer det og klarer det så bra og skriv så fantastisk om det, det er fascinerande.
Sjølv har Sigri budd på Svalbard i totalt åtte år og pendla tre år etter det. Det var ein spontan jobbsøknad til Svalbardposten etter ei helg i nord som gjorde at ho hamna der. Ho sendte oppseiing på journalistjobben i Dagens Næringsliv med grunngjevinga «Svalbard er usannsynleg vakkert».
– Kor kjem denne fascinasjonen for Arktis og polare strøk frå?
– Det kan sikkert vere at det har noko med Finse å gjere, at eg blei dytta ut i den vinden og kulden der med nokre dårlege stormbriller frå eg var to år. I tillegg var det mykje vind og allslags ver både i Bergen og i Eivindvik, der eg vaks opp. Og at det var noko gjenkjenneleg oppe i Arktis, i alle fall den snøen og vinden frå Finse. Fascinasjonen min er ei blanding av ei enorm begeistring for den flotte og litt farlege naturen, men også ei undring over dei som verkeleg tar steget lenger og overvintrar og dreg på lange ekspedisjonar. Eg kunne aldri lagt av garde til Nordpolen eller Sydpolen, for meg held det med fine små turar.
Naturen og menneska sitt forhold til den er einslags grunntone i alt Sigri skriv. Og ho har nokre store spørsmål ho alltid stiller: Kvifor er vi så glade i å vere ute? Og kva gjer naturen med oss?
– Det er jo nokon som prøvar å finne veldig konkrete og tydelege svar. For meg er drivkrafta meir å undre seg over det enn nødvendigvis å kunne konkretisere det i forskningsbaserte svar. Eg prøver å nærme meg spørsmåla gjennom ulike stemmer og historier. Det er nesten som eit livsprosjekt. For eg sjølv er jo så ufatteleg glad i å vere ute – og det er ufatteleg viktig å ta vare på alt det vi har rundt oss. Både natur og menneske, vi er jo natur vi også.
– Saknar du å bu på Svalbard?
– Det hadde ikkje gjort meg noko å bu der litt til, men eg er ikkje ein slik som lengtar så forferdeleg. Eg tenker at ein må vere der ein er. Og det er mykje bra på fastlandet også, tre for eksempel.
«Folk er veldig opptatt av kor ein bur og kor ein kjem frå, og det er to av dei vanskelegaste spørsmåla eg svarar på.»
HEIME. Når vi først snakkar om tre, det har Sigri og mannen hennar mange av. Heile 437 epletre på ein veglaus gard i Luster, inst i Sognefjorden. Ho vekslar mellom å vere her, på hytta på Finse og i leilegheita i Oslo. Sigri har funne ut at ho gjennom livet har budd på 22 ulike adresser.
– Folk er veldig opptatt av kor ein bur og kor ein kjem frå, og det er to av dei vanskelegaste spørsmåla eg svarar på. Det høyres sikkert litt klisjefylt ut, men eg prøver å tenke at vi alle bur på denne eine kloden og det er vår heim, og så er det litt tilfeldig kor vi hamna og kor vi vaks opp, men den kloden og naturen har vi felles, og vi har eit felles ansvar for den. Og kor ufatteleg heldige vi er som bur i Norge, det må vi aldri gløyme.
Det er likevel er noko spesielt med denne eplegarden.
– Vi har vore på garden berre nokre år, men eg føler meg utruleg heime der. Og når du går der ute og jobbar heile dagen, kanskje tek ein pause på fjorden med kajakken og kjem inn om kvelden, då skjønar ein kvifor ein ikkje trengte noko som helst av treningsstudio, yoga eller meditasjon før. Ein er heilt gåen og god i kroppen. Og før var det jo slik. At ein var ute, brukte kroppen og fekk det som alle søker etter no gjennom fritida si. Det er sikkert ein veldig nostalgisk og romantisk draum den garden, men vi føler oss heime der, då.
– Og det å kunne lage noko, følge med eit sånt tre gjennom året, klippe det og tynne og plukke eple, og så blir det eplemost og noko folk har bruk for. Det er veldig tilfredstillande må eg seie. Det er sikkert også eit sånt urinstinkt. Ein urtilfredstillelse.
– Og stjernene, lyser dei?
– Ja, dei lyser sterkt der. Frå Lustrafjorden kan du definitivt sjå Mjølkevegen.
Det kunstig lyset
Fleire enn før slit med søvnen, noko som både direkte og indirekte kan føre til sjukdom. Søvn og kvile er viktig for at kroppen skal vere i stand til å handtere neste dag. I tillegg er det prova at for mykje kunstig lys når det elles er mørkt både kan føre til fedme, diabetes 2, fleire kreftformer og også at puberteten kjem tidlegare hos born.
Forskarar har no teke i bruk oransje briller som blokkerer det blå lyset. Dette lyset har ein slik frekvens og temperatur som gjer at det går rett inn i hjernen vår og seier at «no er det dag». Dette lyset er difor det mest forstyrrande for døgnrytmen vår - og også det det fins mest av i LED-lys og alt vi omgjev oss med av mobil- og dataskjermar. Brillene er mellom anna testa på maniske pasientar og folk med søvnproblem – og forskarane kan vise til forbløffande resultat. Dei kan likevel også brukast av heilt vanlege folk som jobbar nattskift, eller berre vil sove godt om natta.
Alle har si individuelle kjensle for lys. I tillegg tilpassar vi oss, no er det lysare på kvelden, då tilpassar augene seg slik at ein treng mindre mørke for å produsere det hormonet som vi treng for å få sove, melatonin. </p><p>Kunstig lys påverkar rytmen til dyr, plantar og tre. Insekt krinsar mot gatelykter og flyg rett i døden. Fuglar blir lurt av lysande oljeplattformer. Og nyklekte havskjelpadder som brukar månen og stjerner for å navigere seg til havet, blir sett ut av kurs.
Frå boka Mørke, Sigri Sandberg, (Samlaget)
Vis mer
Sigri Sandberg
Alder: 43 år
Sivilstatus. Mann, to barn frå forrige ekteskap
Bakgrunn: Journalist og forfattar. Har skrive 15 bøker, jobba for norsk presse i over 20 år, skriv no for A-magasinet til Aftenposten. Spaltist i UTE i 10 år.
Aktuell: Boka «Mørke: stjerner, redsel og fem netter på Finse» er selt til sju land (Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Nederland, Tsjekkia og Italia).
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.