Mjuke og snille fjell, grønne enger og sjølve juvelen – Jølstravatnet – er det som særpreger naturen. Vi har samla turforslag til deg som vil oppleve naturen og fjella rundt Jølster med fjellsko.
MIDDAGSFJELLET i Jølster
Ved gardane øvst i Gjesdalen på sørsida av Jølstravatnet går det bomveg til Trinta, parkeringsplass ved enden av vegen.Her står det skilt merka Middagsfjellet (1173 moh.).
Følg stien som går skrått mot nord opp lia, og deretter langs fjellryggen austover til toppen.
Start: Parkeringsplass på Trinta i Gjesdalen Tid: 3-4 timar t/r Middels
Parker bilen ved grustak i Indre Sandal, om lag 1 km vest for Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet. Gå vegen opp til kraftstasjonen, fortset på merka sti gjennom skogen og vidare skogsvegen opp til demninga. Herifrå går det merka sti til Bjørndalsstøylen.
Forset deretter litt forbi støylen og opp til Flateeggane og følg ryggen rundt til du kjem til Høgenuken. Her vender du ned igjen i Bjørndalen og vidare til grustaket i Sanddalen.
Turen til Orkja startar på skogsveg i Dvergdalsdalen på sørsida av Jølstravatnet, og går vidare på sti gjennom skogen og deretter opp vestsida av fjellet.
Topplatået er dekka av mose og nokre små vatn, svært idyllisk ein fin sommardag! Sjølve toppunktet er på austsida av fjellet.
Start: Skogsveg i Dvergsdalsdalen Tid: 3-4 timar t/r Middels
BOLSETNIPA (1214 MOH.) Jølster
Følg bomveg frå Skei og opp i Fossheimsdalen.
Ved demninga kan du parkere om du køyrer bil. Her går det godt merka sti til toppen.
Start: Demning i Fossheimsdalen Tid: 3-4 timar t/r Middels
BJØRSETFJELLET
Turen til Bjørsetfjellet ( (1003 moh.) startar på toppen av hyttefeltet i Hegrenesåsen på Ålhus. Herifrå følgjer du merka sti til Bjørsetstøylen og vidare til toppen av fjellet.
Terrenget er tidvis bratt før du kjem over skoggrensa, men utsikta til Jølstravatnet desto meir spektakulær. Du kan også gå til Bjørsetfjellet frå Årdal, på austsida av fjellet.
Start: Toppen av Hegrenesåsen på Ålhus Tid: 3-4 timar t/r Middels
TINDEFJELLET i Jølster
Det går to hovudstiar opp til Tindefjellet (1083 moh.), ein frå Årset på Vassenden og ein frå Berg i Svidalen på nordsida av Jølstravatnet.
Begge er i god stand og leier deg trygt til toppen.
Start: Årset på Vassenden/ Svidalen Tid: 3-4 timar t/r Middels
LUNDESKARET
Turen opp Lundeskaret seiast å vere Noregs brattaste DNT-sti. Den startar ved opninga til Fjærlandstunnelen og slynger seg vidare opp skaret.
Sherpaer frå Nepal har sikra stien med trappetrinn og vaier på dei mest utsette partia.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.