På vei over Store venjetind no? Folk vi møter ristar uforståande på hovudet. Det er ettermiddag og september under eit av dei vakraste fjella i landet. Kanskje det vakraste.
SEPTEMBER WHEN: Vengetindtraversen er ein lang tur. Lite med folk, men naturen er enorm rundt oss. Foto: Ståle Johan Aklestad
Lesetid: 6 minutter
Venjetindtraversen over Store Venjetind
Alle er på veg heim, utanom oss. Vi har nett starta.
Fem år tidlegare, på kontoret mitt på Høgskulen i Molde: Eg er fersk studentprest, og det bankar på kontordøra mi. Ein ung mann står i døra. Kraftig bygd, muskuløs, og tydeleg utanlandsk utan at eg greier å plassere han. Min første konfident, ein som trur seg til meg. Alt eg har lært vert aktivert og på min beste engelsk inviterer eg han inn og ber han setje seg. Men den unge mannen flyttar seg ikkje ein tomme. Med fast blikk ser han direkte på meg. «I have a problem.»
Eg ser nok veldig alvorleg ut i mi ferske stilling, og han ser like alvorleg ut. Han seier: «There is no snow.»
Det var mitt første møte med Eugene og starten på eit venskap. Etter dette har vi hatt det med å droppe introduksjonane. Vår første skitur gjekk til Vesle Venjetind, det var hans andre tur på randonneski. Vår første klatretur gjekk til Romsdalshorn med overnatting på toppen, då hadde han aldri klatra før. Dagens tur er i ein liknande kategori – å overnatte i høgda ein stad på Venjetindtraversen.
«Venjetindtraversen er ikkje det første ein byrjar på i fjellet.»
(Artikkelen fortsetter under bildet)
Venjetindtraversen er ikkje det første ein byrjar på i fjellet. Det er ein lang dag i alpint terreng, og erfaring med klyving i bratt fjell er ein føresetnad. Men når det er sagt, er klyvinga aldri direkte vanskeleg, sjølv om dei fleste brukar tau delar av turen. Og nokre passasjar er verkeleg i verdsklasse, spesielt partiet som vert kalla «Galleriet» – ei smal fjellhylle midt i stupet mellom Vesle og Store Venjetind som verkar å vere henta direkte ut frå barndommens Donald Duck & Co.
Det går raskt oppover frå Olaskarvatnet og vi ser sola gå ned frå egga til Søre Venjetind. Men vi har visst gløymt kor fort det mørknar i september. Idet vi passerer Søre må vi fram med lyktene. Ein ting er mørkret. Noko heilt anna er vinden. Det har vore kraftig vind heilt sidan vatnet, og no vert den berre sterkare og sterkare. Av og til må vi kjempe for å halde balansen. Tanken på å bevege seg vidare bortetter den smale egga verkar ikkje særleg freistande, og vi byrjar å sjå oss rundt etter campingplass.
Litt nede i fjellsida finn vi ei perfekt lita flate på eit par kvadratmeter, og byrjar arbeidet med å sikre tomta. Rauma kommune er verdas beste kommune for naturglade menneske, men akkurat dette området ser ut til å ligge utanfor prioriteringsområda til kommunen, i alle fall ligg steinura over hylla der berre på gammal vane, og vi får varmen i oss etter omtrent 20 minutt med steinlemping. Skodda som kjem drivande over kanten sørgjer for magi til middagen, og vi sovnar i soveposen med utsikt til vår eiga galakse. Eller, sovnar var kanskje å ta i. For vinden susar ikkje. Den brøler. Den slår i kast inn i fjellveggen på den andre sida av egga så det smell, slik at det av og til høyrest ut som steinsprang. Heldigvis ligg vi trygt, og vi søv litt innimellom.
Neste morgon er soveposane våre dekte av eit fint lag småstein og støv. Eit tydeleg prov på natta sine herjingar. Eg står tidleg opp og får sjå soloppgangen over Kvanndalstind. Drivande skodde gjer at heile fjellet gløder i den oppstigande sola, og gigantane på den andre sida, Trolltindane og Romsdalshorn, vert sakte farga rosa.
Det finst mange fine ryggtraversar i landet, men få har så fast steinkvalitet som Venjetindtraversen. Ruta held seg stort sett på egga eller på austsida av denne, og før Vesle Venjetind må ein velje anten ein tur ut på breen eller ein tur ned i vestsida. Vi vel breen denne gongen og tek på tauet, isøks hadde heilt klart vore ein fordel. Men vi sparkar oss over, og no byrjar eit av dei mest utsøkte partia på ruta – vestegga opp til Vesle Venjetind. Klatringa er gradert til 3, men friksjonen er så god og fjellet er så fast at vi ikkje brukar tauet. Eugene har aldri klatra så eksponert før, men han beveger seg sikkert som ein katt oppover, stort sett er det berre å tenkje på eit tak, strekkje handa ut dit du skulle ønske det var, og så er det der. Dei siste metrane tek vi likevel fram tauet, dette er eksponerte flytt midt i ein slags overhengande travers, og det får vere grenser for kva ein skal utsetje ferske klatrarar for.
Etter ein rusletur ned egga frå Vesle Venjetind når vi inngangen til Galleriet. Denne staden må berre opplevast. Fjelløper Kilian Jornet omtalar det som ei av favorittrutene sine i dei lokale fjella her, men for dei fleste er det nok å gå, eventuelt liste seg bortetter stupet på den smale hylla. Eksponert er i alle fall inga overdriving.
Det er noko med Store Venjetind som er vanskeleg å setje ord på. Kanskje er det storleiken og all lufta på alle kantar. Kanskje er det stupa og breane rundt, i kombinasjon med den frodige Romsdalen under. Eitt eller anna er det i alle fall og vi blir sitjande lenge på toppen. Ein kviterussar og ein nordmann på taket av Romsdalen. To maur på toppen ein slank steinkoloss.
På tur ned frå toppen er det greitt å kjenne ruta frå før. Her er det stort terreng heile vegen ned til skardet. Den berømte 1000-metersbakken vidare ned i dalbotnen er mest av alt er eit godt stykke arbeid for låra. Haustlufta gjer alle detaljar i landskapet krystallklare, sjølv i den blå skuggen frå kjempen over oss som strekkjer seg nesten heile vegen ned. Vi fylgjer sjølvsagt standard rutine etter eit Venjetindbesøk – nakenbading i det glitrande og blå Venjedalsvatnet. Trass showet er det dårleg med tilskodarar og vi tek fatt på siste etappe langs vegen opp til bilen. Over oss ser vi heile tinderekka vi har fylgt teikne seg mot hausthimmelen. Og til slutt får vi også auge på den vesle hylla vi overnatta på. Ettersom vi no har tilrettelagt så godt der oppe, er den klar for andre tinderanglarar som treng ly for nattestormen. Som jødane seier, Kanskje vi sjåast neste år i Jerusalem.
«Den berømte 1000-metersbakken vidare ned i dalbotnen er mest av alt er eit godt stykke arbeid for låra.»
(Artikkelen fortsetter under bildet)
Venjetindtraversen
Om turen: Venjetindtraversen er ein lang ryggtravers i alpint terreng over Søre, Vesle og Store Venjetind i Rauma kommune. Turen kan utvidast ved å inkludere Kvanndalstind. Terrenget inneber mykje klyving og lett klatring, erfaring med bratt og alpint terreng er naudsynt.
Start: Turen byrjar i Venjedalen. Dei fleste går traversen frå sør til nord, då får ein med seg ei nydeleg klartretaulengd opp Vestegga til Vesle Venjetind (grad 3). Denne kan omgåast ved å gå ut på breen. Mange vel å rappellere på eitt eller to punkt ned frå Store Venjetind. Stegjern/isøks kan vere påkrevd alt etter ruteval, forhold og årstid.
Distanse: ca 13 km
Stigning: ca 1660 m
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.