I TILFELLE BLODSUKKERFALL: Matboksen går aldri ut på dato. Miljøvenleg er den også.
I TILFELLE TISSETRANG: Utedoen si ibuande forbanning er at du treng den når du minst ynskjer, for eksempel når du finn deg sjølv i toppen av ei knirkete køyseng i ei like knirkete hytte, ein stad mellom klokka 2 og 3 på natta. Då kan ei hovudlykt gjere livet eit hakk enklare, så lenge du veit kor den er.