Sprek fjellsportfestival

Kinesisk utfor og luftige svev, guida toppturer og kurs i skred, isklatring, dropp og mye mer. Det er mange gode grunner til å ta turen til Sogndal.

Sist oppdatert: 4. februar 2010 kl 17.37
Lesetid: 2 minutter

I fjor hadde Fjellsportfestivalen i Sogndal full klaff, med nysnø og fint vær. Nå er det like før det braker løs igjen, og her har vi sakset noe av innholdet 24.–28. februar:

Innendørs Camping:
Overnatting med klimagaranti i Sognahallen, under The Wall, den største innandørs klatreveggen i Europa. Her vert det fjellsportbutikk, fjellsportrestaurant, klatring og buldring, bading og massasje, taubane og seminar – og framfor alt: god stemning. Og så kan du overnatta i telt på mjukt kunstgras, med fri tilgang til klatre- og buldreveggen, og kort veg til seminar, konsertar, sceneunderhaldning og kveldens video.
Kinesisk utfor:
Fredag 26. februar er det klart for ei ny utgåve av ein av dei villaste konkurransane på norsk snø, Kinesisk utfor. Fellesstart og eitt tusen høgdemeter adrenalinkick. Førdstemann og –kvinne over målstreken vinn flotte premiar. I målområdet serverer Xian Wu kortreist kinamat. Torsdag er det aking og hesteski på konkurranseprogrammet, fredag kinesisk utfor og rando, laurdag big jump og søndag rett opp-konkurranse.
Laussnøbuss:
Laussnøbussen til Fjellsportfestivalen vil gå i skytteltrafikk gjennom Sogndalsdalen, slik at du som vil kombinera skiheis med skogskøyring og toppturar, kan sjå fram til herlege pudderdagar. Laussnøbussen har også innlagt stopp ved Selseng pub, der det vert afterski kvar dag i festivalperioden.
Frikøyringskurs:
Jørgen Aamot og Fred Syversen inviterer til frikøyringskurs i bratte sogndalsfjell. OBS! Begrensa tal plassar.
Toppturar/kurs:
Som vanleg skjer toppturguidinga og kursinga i regi av internasjonalt godkjende tindevegleiarar, med kurs i skred og isklatring. Lena Dahl inviterer til eksklusive jenteturarar. Mattis Forthun og staben hans inviterer til jibbe- og hoppkurs.
Konsertar:
Fjellsportfestivalen har eit tett og godt samarbeid med Studentveka i Sogndal, som går parallelt med festivalen. Det vil seia konsertar i toppklassen på Meieriet kvar kveld. Datarock, Karin Park, Sigrid Moldestad, Superfamily, Kråkesølv og A1 står på scena på Meieriet under Fjellsportfestivalen.
Seminar:
Jarle Traa, Everest mot alle odds. Sigurd Felde, vegen mot store ekspedisjonar. Bjarne Nes og Henrik Langeland, Cho Oyo med ski.
PS
I den neste Onsdagskonkurransen på Fri Flyt kan du vinne deltakerpass til Fjellsportfestivalen.

Foto: Are Haugen Sandnes

FF_foto_1
FF_foto_3
Publisert 4. februar 2010 kl 17.37
Sist oppdatert 4. februar 2010 kl 17.37

Relaterte artikler

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen