Line Hårklau
Line (28) Bor med Ståle og hunden Eik. Hun brukte fem år på idrettshøgskolen, ett år på Blindern og et halvt år på bioingeniørstudiet, før hun fant ut at det var fotojournalist hun skulle bli. Nå er hun halvveis på fotojournalistikkstudiet. I mai 2016 setter hun kursen mot Grønland for å gå på ski fra vest til øst. I mellomtiden er målet å gjøre den jobben som trengs for at turen skal bli så bra som mulig. Det kan du lese mer om her på UTE-bloggen! Les mer på www.lineharklau.com
Kven skulle tru at det er varmare på Grønland enn heime? Fantastisk å kome hit til slikt vêr. Men varme betyr også smelting av vatn. Det er derfor ekstra spennande å sjå kva vi har i vente opp brefallet. Det kan bli ei våt affære.
Dagen har gått til pakking og organisering av utstyr. Enorme mengder mat, kjennes det ut som iallfall, skal vere med. Eg gruar meg til å kjenne kor tung pulken blir. Men kvar dag forsvinn ca eitt kilo mat, og pulken vil stadig bli lettare.
Les alle blogginnlegg av Line - i forberedelsene mot Grønland:
Kvifor?
Med gresskar i pulken
Realitetssjekk på Fine
Pulken min er lasta med….
LES OGSÅ: Line har skrevet portrett av Vibeke Andrea Sefland – som stod på verdens høyeste fjell da jordskjelvet rystet Nepal april 2015. Les hennes historie her: Etter skjelvet
No skal eg nyte den siste natta i seng for ei god stund. Det skal bli godt å endeleg kome i gong i morgon. Nyt våren i Norge så lenge!
Grønland – fyrste dag i bilete
SKULEBUSS: Ein gamal amerikansk skulebuss fraktar oss og utstyret eit par kilometer frå flyplassen i Kangerlussuaq til brakkene vi skal vere i ei natt. Foto: Line Hårklau.
MAT: Lunsj og middag til 26 dagar. I tillegg kjem store mengder søtsaker, samt knekkebrød, saltmat og chips. Foto: Line Hårklau.
KAMP: Måling og pakking av frukost er eit tidkrevande prosjekt. Det kjem til å bli ein kamp og få i seg havregrynsgrauten kvar dag, men det må til når ein skal gå lange dagar på ski. Foto: Line Hårklau.
KANGERLUSSUAQ: Til tross for begrensa frodighet er det overraskande fint i Kangerlussuaq. Foto: Line Hårklau.
EKSTRA: Eit ekstra kilo sneik seg med frå tax-freen... Foto: Line Hårklau.
VARMT: Over 20 grader i sola. Foto: Line Hårklau.
NABO: Med Nordpolen som næraste nabo. Foto: Line Hårklau
POLITI: Betryggande med politiet i nærleiken. Foto: Line Hårklau.
SPESIELL SMAK: Moskusburger på flyplassen. Spesiell smak, men verdt å prøve. Foto: Line Hårklau.
LYST: Utsikt frå rommet seint om kvelden. Det er lyst døgnet rundt, noko som kan bli ei utfordring å sovne til, men mest godt å vakne til. Foto: Line Hårklau.