LINE HÅRKLAU
Line (28) Bor med Ståle og hunden Eik. Hun brukte fem år på idrettshøgskolen, ett år på Blindern og et halvt år på bioingeniørstudiet, før hun fant ut at det var fotojournalist hun skulle bli. Nå er hun halvveis på fotojournalistikkstudiet, og jobber som deltidsansatt på Norrøna i tillegg til å være frilanser. I mai 2016 setter hun kursen mot Grønland for å gå på ski fra vest til øst. I mellomtiden er målet å gjøre den jobben som trengs for at turen skal bli så bra som mulig. Det kan du lese mer om her på UTE-bloggen! Les mer på www.lineharklau.com
Det er berre to månader igjen til avreise. Det var liksom i går eg tenkte at eg har god tid, det er jo eit år igjen. Men slik er det med tida, den går. Gjerne fortare enn ein set pris på. Samtidig begynner eg å bli lei av å tenke på Grønland. For Grønland, du er i tankane mine stort sett heile tida. Derfor var det godt å komme ut i vinteren og teste status.
Vi ramla ut av toget torsdag ettermiddag, med dei mindre handterlege pulkbagane våre. 11 stk. spente personar, som nok alle hadde tenkt dei same tankane.
Er eg i god nok form?
Kjem eg til å vere svakast i gruppa?
Opphaldet starta med ei grundig innføring i etablering av camp og bruk av brennar, dei tinga som sørgjer for tak over hovudet, mat og drikke. Relativt viktige ting med andre ord.
Vi lærte å behandle teltet med kjærleik for å unngå brukne stenger og oppriven teltduk, samt å sikre og bardunere slik at vinden ikkje stikk av med det.
Det er ganske kjipt å måtte gå ut i nattestormen fordi du var slapp med barduneringa kvelden før.
Etter fleire historier om sjangling og bevisstlaushet som følgje av kullosforgifting, fekk vi ganske stor respekt for brennaren også. Og ein ting til:
– Vottar på bakken er strengt forbode!
Kulde har vore og er framleis ei bekymring for min del. Trivselen er stor då eg vaknar fredags morgon, ser iskrystallane i telttaket og konstanterer at eg har hatt det fantastisk varmt og godt i posen heile natta.
Men det var nokre vonde minutt då glideglåsen blei åpna og den kalde lufta brøyta seg fram. Så var det frukosten. Den blir ein kamp, det kan eg seie allereie no. Varm og søt havregrynsgraut er tungt å trykke i seg.
Framover blir det eksperimentering med alternativ til graut. Morgonrutinene gjekk elles ganske så knirkefritt.
Ingen bevisstlause personar og den einaste teltstanga som knakk høyrde til guideteltet (haha).
Vi gjennomfører seks økter på 30 minutt kvar, halvparten av det vi kjem til å gå på Grønland.
Med solbrillene på og ganske behagelig tempo er det lite å klage på. Telta blir reist, arbeidsgropa gravd og vatn kokt. Real turmat med smak av torsk i karri er ein uventa hit. Så er det i grunn berre å hoppe i soveposen.
Skiskoa av og tørre sokkar på. Og for å gjere det klart, ullsokkar som har godgjort seg i fotsveitte inne i ein plastpose (dampsperre) etter ein dag på ski luktar ikkje godt. Eg tør ikkje tenke på tilstanden etter sju dagar med same sokkepar.
Men tørre ullsokkar, varmeflaske, sovepose, sørlandschips og Big Bang Theory er ganske så fantastisk.
Laurdagen er den store prøven. Vi vaknar til vind, nysnø og dårleg sikt. Planen er 12 økter. Kl. 8 står vi klare med skibrillene på. Det er tungt føre og white-out, men litt moro å kjenne at ein lever. Fella mi finn det for godt å sleppe taket. Pokkers felle. Eg stappar den oppi buksa, varmar den på brystet. Imens prøvar eg å legge mest muleg vekt på skia som framleis har felle. I neste pause har heldigvis den slappe fella tatt til vettet.
Vi vekslar mellom pausar på fem og 10 minutt. Det er ikkje tid til å somle, du må vite kva du skal prioritere, spesielt i dei kortaste pausane. Elles risikerer du å måtte lukke lunsjposen like fort som du har opna den. Eg snakkar av erfaring.
Store mengder sjokolade skal ned i løpet av dagen. Berre synd at sjokolade som elles er så godt, er heilt middelmådig når du begynner å bli sliten.
Lunsjpausen er kjærkommen, suppe i forteltet. Vi er i økt 9 og vinden kjem rett i mot. Det er så vidt det går framover og alle kunne banne på at vi hadde gått i meir enn 30 minutt når signalet om pause kom.
Faktum var at vi gjekk 45 sekund mindre. Det blir avgjort at den tiande økta blir den siste. Vi snur og får vinden i ryggen. Halleluja.
I teltet tar det litt lenger tid å bli varm samanlikna med dagen før. Og viltgryta er ein stor skuffelse. Det blir ikkje viltgryte på Grønland! Vi ventar på at vi skal gå inn på Finsehytta og ta ei siste samling og prat om helga.
Imens sit vi berre i teltet og stirer tomt ut i lufta, seier ingenting. Då veit du at du er sliten, men jammen er det godt også. Apropos godt, Fantaen på hytta var toppen av lykke. Gler meg aller eie til den første Fantaen etter Grønland.
Gler meg allereie til den første Fantaen etter Grønland.
I løpet av helga gjekk det meir og meir opp for meg at det å flytte den eine skia framfor den andre på mange måtar er det enklaste på heile turen.
Men det kan bli veldig tungt om ein gjer ein dårleg jobb med alt det andre.
Dårlege val, snarvegar og latskap kjem og bit deg i ræva på eit seinare tidspunkt.
Og på Grønland er det ekstra kjipt å bli bitt i ræva, trur eg iallefall.