Det er mindre enn to veker til avreise. Hjelp! På tide å sjekke at alt utstyr er i hus.
Her kjem ei oversikt på kva eg skal dra med meg på ski over Grønland.
To ullgensarar: ein netting og ein litt tjukkare
To ullstillongs: ein netting og en litt tjukkare
Fire ullboxarar
Ekstra isolasjon for rumpe og lår
Tre ull-BH
Fem par ullsokkar, fire tynne og eit tjukka
Eg svettar mykje, og eg frys fort. Ein dårleg kombinasjon. Har derfor funne ut at netting fungerer best medan eg er i aktivitet med mindre det er eksepsjonelt kaldt. Då blir eg ikkje så svett og nettingen tørkar raskt.
Rumpa er utsatt på slike turar, og mi blir utruleg kald. Kuldeutslett er lite fristande, så eg tar med ei isolasjonsbukse/shorts. Har ikkje heilt bestemt meg for kva det blir. Eit varmeskjørt fungerer også bra.
Om fem månader står eg, om alt går etter planen, ved foten av brefallet på vestsida av Grønland, skrev Line i desember 2015. Les innlegget her: Kvifor?
Eg kjem til å bytte ut den tynne lua med ein balaklava, då eg synes den sit betre medan eg søv og isolerer meir. Det er mykje varme som potensielt kan gå tapt dersom du ikkje isolerar hovudet medan du søv.
Solbrillene på biletet vil bli bytta ut med brebriller som har mørkare glas og betre beskyttelse på sidene. Dei tjukkaste vottane er ikkje nødvendige, men dei er jammen kjekke og ha i teltet når ullvottane er våte av svette (som sagt, eg svettar mykje).
Skalljakke som dekker rumpa
Skallbukse
VARM dunjakke
Hue av ull
Tynnare hue til å sove i
Ullhals
Ansiktsmaske
Ullvottar og skallvottar
Hanskar til å jobbe i
Ekstra varme vottar
Skibriller og solbriller
Sovepose som taklar 25-30 kuldegrader
Lakenpose av fleece
Lakenpose av silke (ikkje på bildet)
Oppblåsbart liggeunderlag med dun
Bivuaksko
Les om da Line tok med seg Pumpkin-Pål på tur: Halloween
På soveposefronten tar eg ingen sjansar. Orkar ikkje tanken på å fryse om natta.
Derfor blir to lakenposar med. Dei skåner også soveposen for slitasje og skitt. Vi kjem til å ha eit isolerande lag under liggeunderlaget. Det hjelper nemleg ikkje stort med varm sovepose om kulden trekk rett gjennom teltgolvet.
Sidan det fort blir mykje ostepop-sittestilling i teltet, tar eg med eit stoltrekk til liggeunderlaget. Utruleg behageleg å få slappa av i ryggen.
Fjellski
Stavar med justerbar lengde
Skisko for BC-bindingar
Ullkartankar og polsokkar
Halvfeller
Pulksele og taudrag
Eg har valt å gå for verstingskoa til Alfa saman med kartankar. Er gjennomgåande livredd for å fryse. Kartankane slitast fort, men dei varer litt lengre med polsokk utanpå.
Mellom ullsokken og kartanken brukast plastposar frå Vinmonopolet som dampsperre. På den måten held kartanken seg tørr. Sokken blir klissvåt, men er lettare å tørke.
Termos 1 liter
Termokopp 0,5 liter
2 x 1L Nalgeneflasker
Isolasjonstrekk til Nalgeneflaskene
Fat/skål
Skei
Nalgeneflaskene er ikkje berre gode drikkeflasker, dei er særs gode varmeflasker.
Og våte sokkar kan trekkast utanpå for tørking. Nalgene har eigne trekk til flaskene sine, men eit heimelaga fungerer like bra. Du får kjøpt billige sitteunderlag, som kan klippast opp og teipast saman.
Line fikk seg en realitetssjekk på Finse
Som fotograf har eg store ambisjonar om å ta mykje bilete, og tar med både kompaktkamera og speilrefleks. Målet er å bruke speilrefleksen mest, men kompaktkameraet er enklare å ha tilgjengeleg medan vi går.
Elles ser eg fram til å nyte lett underhaldning frå iPaden i teltet, og musikk frå iPhone undervegs. Solcellepanel og batteripakke må vere med for å lade desse dingsane.
Om du lurer på korleis ein får lada batteri til speilrefleks, finst det USB-ladar å få kjøpt på ebay – genialt!
Pulk, telt og brennar skal sjølvsagt vere med. Og mat. Tannkost og tannkrem også, samt våtserviettar, solkrem, diverse medisinar og førstehjelpsutstyr.
Ei ekstra Nalgene-flaske er med som tisseflaske, og tissetut kan vere kjekt med mindre ein er komfortabel med å tisse rett på flaska.
Tissetut er også bra å ha om ein vil sleppe å sette seg ned, slik jenter gjerne må. Det går forresten litt dårleg med den «tisse-på-flaske-treninga». Blir intensiv øving framover!
Line (28) Bor med Ståle og hunden Eik. Hun brukte fem år på idrettshøgskolen, ett år på Blindern og et halvt år på bioingeniørstudiet, før hun fant ut at det var fotojournalist hun skulle bli. Nå er hun halvveis på fotojournalistikkstudiet. I mai 2016 setter hun kursen mot Grønland for å gå på ski fra vest til øst. I mellomtiden er målet å gjøre den jobben som trengs for at turen skal bli så bra som mulig. Det kan du lese mer om her på UTE-bloggen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.
Har du spørsmål?
Utemagasinet er en komplett kilde til informasjon om friluftsliv. Her kan du lese aktuelle og relevante utstyrstester, temaartikler og kommentarer – og få kunnskap og inspirasjon til egne turer.
Redaksjonen arbeider etter Redaktørplakaten. Holdninger og meninger i reportasjer på utemagasinet er ikke nødvendigvis i tråd med redaksjonens syn.
Utemagasinet har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Kopiering av materiale fra utemagasinet.no for bruk annet sted, crawling, skraping, indeksering (for eksempel tekst og datamining) er ikke tillatt uten avtale.
Org.nr: 979754582
Fri Flyt AS
Postboks 1185 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 21 04 77 45 (8-16 man-fre)
kundeservice@friflyt.no
Vi svarer raskt på mail.
Tlf: 21 95 14 20 (9-10 tirsdag og torsdag)
Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo
Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen
Kommersiell leder: Alexander Hagen